Al Kooper (fødd 5. februar1944 som Alan Peter Kuperschmidt) er ein USA-amerikansk låtskrivar, plateprodusent og musikar. Han er kjend for å organisere Blood, Sweat & Tears, men var ikkje lenge nok i gruppa til at han fekk med seg gjennombrotet deira. Kooper spelte også i studio for Bob Dylan då han gjekk elektrisk i 1965, og førte saman gitaristane Mike Bloomfield og Stephen Stills til å spele albumet Super Session. Han har sidan hatt ein suksessrik solokarriere, skrive musikk for filmar og drive opplæring i låtskriving.
Han spelte med Bob Dylan på konsertane hans i 1965 og i studio i 1965 og 1966. Mellom anna spelte han Hammondorgel med Dylan på Newport Folk Festival i 1965. Kooper spelte mellom anna Hammondorgel på Dylan sin «Like a Rolling Stone». Det var under desse innspelingane at Kooper møtte og vart ven med Mike Bloomfield. Han arbeidde mykje med Bloomfield dei komande åra. Kooper spelte igjen orgel med Dylan i 1981 på verdsturneen hans.
Kooper vart med i The Blues Project som klaverspelaren deira i 1965, men slutta kort stund før konserten deira i Monterey Pop Festival i 1967. Han danna Blood, Sweat & Tears i 1967, men slutta i gruppa etter det første albumet, Child Is Father to the Man, på grunn av musikalske usemjer i 1968.[2] Han spelte inn Super Session med Bloomfield og Stills i 1968,[3] og i 1969 samarbeidde han med den 15 år gamle gitaristen Shuggie Otis på albumet Kooper Session. I 1975 produserte han debutalbumet til The Tubes.