In My Own Dream er det fjerde studioalbumet til The Butterfield Blues Band, gjeve ut i 1968. Det fortsette trenden frå det førre albumet, The Resurrection of Pigboy Crabshaw, i retning av ein meir soul-prega stil, som vert understreka av den førsteklasses blåserekkja (med ein ung David Sanborn). Albumet vart ikkje like godt motteke av kritikarane eller fansen som dei førre albuma.
Tittelsporet innheld ein lang solo av Sanborn. Philip Wilson spelar trommer på albumet. Albumet inneheld tre songar skrivne av bassisten Bugsy Maugh,[3] og på to av dei syng han sjølv solo. Albumet er òg det siste Butterfield-albumet med dei originale medlemmane Mark Naftalin og Elvin Bishop, som begge gav seg ut på solokarrierer med varierande suksess.