Sopransaksofonen er den minste av dei såkalla vanlege saksfonane (sopran-, alt-, tenor- og barytonsaksofon), og kling éin oktav lysare enn tenorsaksofonen. Saksofonen vert for det meste brukt innanfor jazz og i saksofonkvartettar, men vert av og til brukt i den klassiske musikken òg.
Sopransaksofonane finst hovudsakleg i to former, den rette og den bøygde.
Den rette sopransaksofonen liknar mest på ein klarinett, og halsen på instrumentet kan anten vera lett bøygd eller rett. Lyden i den rette sopransaksofonen har ein meir obo-aktig lyd enn den bøygde, og skal vera enklare å intonere på. Denne typen er den mest produserte no til dags.
Den bøygde sopransaksofonen liknar ein altsaksofon, berre i forminska storleik, men har ein mindre bøy på halsen. Lyden i det bøygde hornet skal ha ein meir saksofonlik lyd enn den rette, men skal vera vanskelegare å intonere på. Det bøygde var til skilnad frå den rette meir vanleg på 1930-talet.
I 2001 laga belgieren François Louis aulokromen, eit nytt treblåseinstrument som eigenleg er to sopransaksofonar som er sett saman, og ein kan spela på det unisont eller tostemt.