Misfits er det 16. studioalbumet til den engelske rockegruppa The Kinks, gjeve ut i 1978. Det kom ut etter at Sleepwalker hadde hatt ein viss suksess i USA og bestod av ein meir rockeprega stil enn mange av Kinks-platene frå 1970-åra. Trass i indre konfliktar i bandet, som førte til at både bassisten Andy Pyle og pianisten John Gosling slutta i bandet, nådde albumet Topp 40 i Amerika. Albumet inneheld den mindre hitsingelen «A Rock 'n' Roll Fantasy», og dei mindre suksessrike singlane «Live Life» og «Black Messiah».
Bakgrunn
Misfits var det andre albumet bandet spelte inn for Arista Records, etter dei byta selskap frå RCA Records i 1976. Sjølv om bandet hadde brukt ein god del av 1970-åra på å gje ut konseptalbum, signaliserte det førre albumet deira, Sleepwalker, eit skifte mot ein meir rockeprega og enklare stil. I tillegg byrja bandet å selje bra med plater att i USA og både albumet og tittelsporet gjekk inn på listene der.[5] Etter innspelinga av Sleepwalker slutta bassisten John Dalton og vart erstatta med Andy Pyle. Under innspelinga av Misfits slutta både Pyle og pianisten i bandet, John Gosling.
Innspeling
Mange av songane på albumet, som «Hay Fever», «In a Foreign Land» og «Black Messiah», var songar som var til overs etter det førre albumet deira i 1977.[6] «In a Foreign Land» var meint for det førre albumet, men seint i prosessen vart han erstatta med «Mr. Big Man».[6]
Albumet vart spelt inn i Konk Studios i London etter ein uroleg turné i 1977.[7] På grunn av konfliktar mellom Ray Davies og Pyle, slutta sistnemnde i bandet. Gosling ønskte òg å slutte i bandet etter at Dalton hadde slutta, og byrja å planlegge eit nytt band i lag med Pyle.[8] Men då Ray Davies fekk nyss i prosjektet byrja han å blanda seg inn.[8] Gosling fortalte, «Me [meg og Pyle] øvde og heldt prøvespelingar i Bridge House pub i Canning Town. Det var spanande, som å byrje på nytt. Men Ray fann ut av det og byrja å kjefte på meg siste gongen me var i studio for å legge fleire lydspor til Misfits.»[8] Etter kvart slutta begge to. I tillegg vurderte den originale trommeslagaren Mick Avory å slutte, og vart ein mindre aktiv deltakar, og let venen til Dave Davies, Nick Trevisick, å spele trommer på fire songar og studiotrommisen Clem Cattini på «Live Life».[9] Men Avory vart verande med bandet fram til 1984. Zaine Griff og Ron Lawrence spelte bass på nokre av songane.[10]
Mottaking og utgjeving
Albumet gjekk ikkje inn på albumlista i Storbritannia, men nådde 40. plassen i USA.[1][10] Den første singelen frå albumet, «A Rock 'n' Roll Fantasy», vart òg ein mindre hit i USA, der han nådde 30. plassen på lista.[1] Oppfølgjarane «Live Life» og «Black Messiah» (den siste berre i Storbritannia), nådde ikkje singellistene.
Innhald
Alle spor skrivne av Ray Davies, utanom der andre er nemnde
På den britiske LP-utgåva vart ein lengre versjon av «Live Life» (4:47) byta ut med «Black Messiah». På CD-utgåva har ein teke med den britiske LP-sporlista og inkludert den kortare «Live Life» som bonusspor (annleis enn den amerikanske versjonen). Arista gav ut ein CD-versjon med ti spor som har same innhald som den originale, ikkje-britiske LP-versjonen.
Hinman, Doug (2004). The Kinks: All Day and All of the Night: Day by Day Concerts, Recordings, and Broadcasts, 1961-1996. Backbeat Books. ISBN978-0879307653.
Jovanovic, Rob (2014). God Save The Kinks: A Biography. Aurum Press Ltd. ISBN978-1781311646.