John Dalton (6. september 1766–27. juli 1844) var ein britisk fysikar, kjemikar og lærar. Han var fødd i Eaglesfield, nær Cockermouth i Cumberland.
I 1807 grunnla han atomteorien. Han er òg kjend for i 1801 å ha framsatt daltons lov om trykk i gassblandingar.