Kinda Kinks er eit studioalbum av det engelske rockebandet The Kinks frå 1965. Det vart gjeve ut i USA med noko anna innhald.
Det vart spelt inn og gjeve ut i løpet av berre to veker etter dei kom heim frå ein turné i Asia. Ray Davies og bandet var ikkje nøgd med produksjonen. Singelen «Tired of Waiting for You» gjekk til topps på UK Singles Charts.
Produksjon
Albumet vart spelt inn så snart gruppa kom heim frå ein turné i Asia og var ferdig og utgjeve to veker seinare.[2][3][4] I følgje Ray Davies var dette for kjapt og bandet var misnøgd me resultatet.[3][4] På grunn av press frå plateselskapet var det ikkje tid til å fikse feil i miksen. Davies sa «Ein skulle ha brydd seg litt meir med resultatet. Eg trur (produsenten) Shel Talmy gjekk for å langt i å halde på dei røffe kantane. Dobbeltspora på eit par av songane er fryktelege. Albumet hadde betre songar enn det første, men det vart ikkje utført riktig. Det vart gjort altfor kjapt.»
Utgjeving
Albumet kom ut på Pye i Storbritanni 5. mars 1965, og på Reprise i USA den 11. august 1965. Den amerikanske utgåva hadde songane gjevne ut i ei anna rekkjefølgje. Fleire av songane var fjerna og singelen «Set Me Free» vart henta inn.
«Wonder Where My Baby Is Tonight» vart gjeve ut på singel i Noreg og Sverige i 1966 med B-sida «I Need You», og denne nådde sjuandeplassen på den svenske singellista.[6]
Innhald
Britisk utgåve
Alle spor skrivne av Ray Davies, bortsett frå der andre er nemnde
Side ein
Nr.
Tittel
Lengd
1.
«Look for Me Baby»
2:17
2.
«Got My Feet on the Ground» (Ray Davies/Dave Davies)
2:14
3.
«Nothin' in the World Can Stop Me Worryin' 'Bout That Girl»