Øvre Dividal nasjonalpark (nordsamisk: Dieváidvuovddi álbmotmeahcci) er ein norsk nasjonalpark som ligg i Målselv kommune i Troms. Området i nasjonalparken omfattar opne vidder med skrånande terreng opp mot avrunda fjell, og det har reinbeite og leveområde for jerv. Nasjonalparken vart oppretta ved forskrift 9. juli 1971 og utvida 1. desember 2006.
Vern og bruk
Formålet med vernet er å ta vare på eit landområde som er lite påverka av tekniske inngrep. Folk skal ha høve til tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging. Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og utnytting av næring. Området skal kunne brukast til reindrift.