Målselv kommune (nordsamiskMálatvuomi gielda) er ein kommune i Troms fylke. Kommunen ligg sentralt i dei indre delane av fylket og grensar i nord til kommunane Senja, Balsfjord og Storfjord, i sør til Bardu, og i vest til Sørreisa. I aust grensar Målselv til Sverige.
aDette talet omfattar Blomli i Fagerfjell krins, som var del av Målselv kommune fram til 1972, då det vart overført til Lenvik kommune. Dette området hadde då 63 innbyggjarar.
bDette talet omfattar ikkje Naveren og Målsnes, som var del av gamle Malangen kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964, då dei vart del av Målselv kommune. Dette området hadde då 118 innbyggjarar. Talet omfattar heller ikkje garden Skogli ved Heia, som var del av Balsfjord kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964, då han vart del av Målselv kommune. Dette området hadde då 2 innbyggjarar. Talet omfattar heller ikkje Sørelvmo krins, som var del av Balsfjord kommune fram til 1966, då han vart overført til Målselv kommune. Dette området hadde då 131 innbyggjarar.