Kommunevåpenet viser ein sølvgrå sel på blå botn. Bakgrunnen for kommunevåpnet er namnet til kommunen som på norrønt er Selanger, med tydinga 'Selfjorden'.
Kyrkjer og kapell
Salangen kyrkje ligg i kommunesentret Sjøvegan og vart teken i bruk i 1981. Kyrkja er bygd av betong og tre. Elvenes kapell ligg på Elvenes 11–12 km austom kommunesentret Sjøvegan.
Salangen kommune vart oppretta i 1871, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. 1. januar 1964 vart nabokommunen Lavangen kommune innlemma i Salangen kommune, men vart skild ut att i 1977. Området Lavangsnes vart då verande att i Salangen kommune.