Tromsø (nordsamiskRomsa) er ein bykommune i Troms fylke. Han er den tredje største bykommunen i landet, og den tolvte etter folketalet. På 1800-talet var den vesle byen ofte besøkt av utanlandske handelsmenn og turistar, og dei var overraska over kultur, klesdrakt og språkkunnskapar mellom borgarskapet i byen, og kalla difor byen «Nordens Paris», eit utnamn som i dag ofte feilaktig blir knytt til nattelivet i byen og det generelt høge aktivitetsnivået.
Tromsø kjøpstad blei etablert ved ei kongelig forordning av 20.6.1794. Grensene i nord var Hansjordnes i nord og Strandskillet i sør, og grensa mot vest gjekk oppover omtrent til Dramsvegen - Kongsbakken - Vestregata. Prestegarden med kyrkja og kyrkjegarden var ikkje ein del av byen, og dei låg som i øy midt i byen, og dei blei ikkje innlemma i byen før i 1856.
Det var fleire utvidingar av bygrensene. Store endringane kom i 1915 og 1955 då byen blei kraftig utvida mot sør og nord, og mot vest.
Den største byutvidinga kom i 1964. Ved kgl.res. av 7.12.1962 blei Tromsø bykommune slått saman med Hillesøy kommune sin del av Kvaløya og øyene nord for Hekkingen, Ullsfjord kommune med unnatak av Svensbyområdet og Tromsøysund kommune til ein ny kommune. Samanslåinga gjaldt frå 1.1.1964. Den nye kommunens fekk namnet Tromsø kommune.
Tromsø kommune fekk si noverande utstrekning 1. januar 2008 da den søre delen av Reinøya blei overført til Karlsøy kommune.
Busetting
Folketalsutvikling
Tromsø har vore den største kommunen i Troms i folketal sidan 1910-talet, då han passerte Trondenes kommune, med unntak av åra frå slutten av 1940-talet til kommunesamanslåinga i 1964, då Tromsøysund kommune var større.
Folketalsutvikling for noverande Tromsø kommune frå 1910:
aTalet omfattar den sørlege delen av Reinøy, som var del av Tromsø kommune fram til 2008, då han vart overført til Karlsøy kommune. Dette området hadde då 50 innbyggjarar.
Tromsø kommune er delt inn i 20 statistiske delområde fordelt slik (innbyggjartal 2015):
På Tromsøya: Tromsø (7 482), Sommerlyst (7 615), Nordre Tromsøya (7 980), Mortensnes (9 211), Søndre Tromsøya (5 729)
Sentralt på fastlandet: Kroken (4 752), Tomasjord (5 466), Tromsdalen (5 051), Reinelva-Hundbergan (3 164)
Sentralt på Kvaløya: Kvaløybyen (9 416)
Elles på fastlandet: Fastlandet nord (549), Ramfjordområdet (1 197), Malangshalvøya (294), Ullsfjord (796)
Elles på øyene: Kvaløya søraust (831), Malangskjeften (630), Kattfjord (324), Ersfjord-Røssholmdjupta (476), Kvaløya nordvest (630), Øyene nord (715)
Bustad ikkje oppgitt (373)
Gardar
Tettstader
I 2014 hadde tettstadane i Tromsø kommune desse innbyggjertala i følgje SSB:
Tettstad
Folketal
Tromsø
33 319
Sommarøy
333
Ersfjordbotn
469
Movik
367
Kjosen
367
Hamna
4 022
Tromsdalen
16 271
Kvaløysletta
8 197
Samferdsel og kommunikasjonar
Vegar
Tromsø er endepunkt for Europaveg 8, som går frå Åbo via Kilpisjärvi, Skibotn og Nordkjosbotn. Mellom Skibotn og Nordkjosbotn deler E8 trasé med Europaveg 6.
Fylkesveg 91 går frå Fagernes, 20 kilometer sør for Tromsø, til Breivikeidet. Herifrå går det ferje over Ullsfjorden til Svensby i Lyngen kommune. Frå Lyngseidet går det ferje over Lyngen til Olderdalen i Kåfjord kommune der Fv 91 møter Europaveg 6.
Fylkesveg 858 går frå Eidkjosen vest for Tromsø sentrum med tunnel Larseng-Vikran til Storsteinnes i Balsfjorden og vidare til Tømmerelva aust for Storsteinnes der Fv 858 møter E6.
Fylkesveg 862 går frå Hungerbukta i Tromsdalen via tunnel på Tromsøya og over til Kvaløya der vegen fortset sørover til Eidkjosen og via Kattfjorden til Brensholmen. Fv 862 fortset vidare på Senja.
Fylkesveg 863 går frå Kvaløysletta via Kvalsundtunnelen til Hansnes i Karlsøy kommune.
Fylkesveg 864 går frå Tomasjord via Tønsvik og Snarby til Oldervik.
Fly
Tromsø lufthavn ligg på Langnes, ca. 4 km frå sentrum. Flyplassen er den femte største i Noreg, med over to millionar passasjerar i året (2014).
Båt og buss
Hurtigruta kjem til Tromsø kvar dag.
Nord-Norgebussen går både sørover til Narvik og austover til Alta.
Det går tre hurtigbåtruter til og frå Tromsø: linje 2 går sørover til Harstad med anløp på Finnsnes, i Brøstadbotn og på Engenes, linje 3 går nordover til Skjervøy med fleire anløp undervegs, linje 4 går går sørover til Lysnes på Senja med anløp på Vikran og Tennskjer.
Frå Breivikeidet går det bilferge til Svensby i Lyngen kommune. I tillegg er det i sommarhalvåret bilferje frå Brensholmen på Kvaløya til Botnhamn på Senja.
Det går også bilferje frå Bellvika på Kvaløya til Vengsøya.
Troms fylkestrafikk har ansvar for busstilbodet i Tromsø kommune.
Historie
Det er funne spor etter busetting i området som er 9000 år gamle. Den første kyrkja vart bygd her i 1252, og blei den nordlegaste kyrkja i verda. Ho vart kalla Sancta Maria juxta paganos, eller «Sankta Maria blant heidningane». Frå om lag same tida stammar Skansen, som er ein skanse bygd i torv. Denne blei bygd for å verge området mot herjingane til russarane og karelarane.
Tromsø fekk bystatus og privilegium som kjøpstad i 1794, men på denne tida hadde byen eit innbyggjartal på rundt 80 menneske. På 1800-talet vart byen viktigare. Han vart bispesete i 1834 og fekk ein lærarskule og eit skipsverft i 1848. Tromsø Museum vart skipa i 1872 og Mack-bryggjeriet i 1877.
Ved slutten av hundreåret var byen blitt eit viktig handelssenter i nord, og var utgangspunktet for mange ekspedisjonar til Arktis, og polaroppdagarar som Roald Amundsen, Fridtjof Nansen og Umberto Nobile brukte byen som utgangspunkt. Nordlysobservatoriet vart grunnlagd i 1927.
Tromsø har aldri hatt jernbane. Tettstaden Tromsø er den tredje største byen i Europa utan ein jernbanestasjon, etter byane Łomża og Herten.
Samfunn
Politikk
Kommunestyret i Tromsø vedtok 19. oktober2011 å innføre parlamentarisme som styringsmodell for kommunen. Tromsøs første byråd var eit fleirtallsbyråd utgått av Høgre, Framstegspartiet og Venstre, med til saman seks byrådar. Bystyret har 43 medlemmar. Øyvind Hilmarsen vart første byrådsleiar. Etter valet i 2015 vedtok kommunestyret å gå tilbake til formannskapsmodellen. Det skjedde sommaren 2016. Kristin Røymo frå Arbeidarpartiet var byrådsleiar i denne perioden frå valet og til parlamentarismeordninga vart oppheva, medan Jarle Aarbakke var ordførar. Ved avslutninga av parlamentarismen vart Kristin Røymo ordførar, medan Jarle Aarbakke vart varaordførar.[8]
Utdanning og skolar
Det er fleire vidaregåande skolar i Tromsø: Kongsbakken videregående skole, Tromsdalen videregående skole, Kvaløya videregående skole, Breivang videregående skole, Ishavsbyen videregående skole og SMI-skolen.
UiT Norges arktiske universitet har åtte fakultet og 14551 studentar (våren 2016), med særleg kompetanse på telemedisin, fiskeriforsking, samiske språk, teoretisk lingvistikk, nordlysforsking og polarforsking generelt. I 2009 vart UiT slått saman med Høgskolen i Tromsø, i 2013 med Høgskolen i Finnmark og i 2016 med Høgskolen i Harstad og Høgskolen i Narvik
Tromsø Internasjonale Filmfestival og Nordisk Ungdoms Filmfestival (NUFF)
Nordlysfestivalen for samtidsmusikk og klassisk musikk
Buktafestivalen
Døgnvillfestivalen
Insomniafestivalen
Ordkalotten
RakettNatt
Idrettslag
TIL, Tromsø Idrettslag, rykka opp i den øvste divisjonen for herrefotball for første gong i 1985, og vann cupfinalen i 1986 og 1996. Heimekampane blir spelt på Alfheim stadion.
TUIL, Tromsdalen Ungdoms- og Idrettslag er eit stort idrettslag som blant anna har eit fotballag i 1.divisjon
IF Skarp, som er den eldste fotballklubben i Tromsø, blei stifta i 1919, og i 1985 bygde Skarp den første innandørs fotballbanen i Noreg.
IF Fløya er byens leiande damelag, som fleire gonger har spelt i den øvste divisjonen.
Tromsø Storm er byen sitt elitelag i basketball for menn.
Tromsøstudentenes Idrettslag (TSI) er Nord-Noregs største idrettslag.
KSK, Kvaløya Sportsklubb
Bravo Håndballklubb
Tromsø svømmeklubb
Tromsø karateklubb
Ishavsbyen Kunstløpklubb
Tromsø Hockey
Tromsø Skøyteklubb
Tromsø Turnforening
BK 9000 og Tromsø Innebandyklubb (innebandylag)
Tromsø Golfklubb
Tromsø Ryttersportsklubb
Tromsø Trailblazers er ein amerikansk fotballklubb