Sara Cecilia Görvell Fabricius (20. desember 1880–3. april 1974), kjend som Cora Sandel, var ein norsk forfattar og kunstmålar.
Livssoge
Ho vart fødd i Kristiania (Oslo). Familien flytta til Tromsø då ho var 12 og ho voks opp der. Ho budde både i Bankgata 3 og Storgata 95, der Perspektivet museum held hus nå. Der finst ei lita, permanent Cora Sandel-utstilling. Ho budde så mange år i Frankrike, før ho flytta til Sverige i 1921, og budde der i mange år. Ho var ein norsk forfattar som levde det meste av livet sitt utanlands, i Frankrike og i Sverige.
I unge år prøvde Fabricius å etablera seg som kunstnar. I eit år gjekk ho på målarskule hjå Harriet Backer i Oslo, men då mor hennar døydde i 1903 måtte ho reise attende til Tromsø for å ta seg av småsyskena sine. 25 år gamal drog ho igjen ut for å gå på målarskule, denne gongen til Paris, og ho kom til å bu i Frankrike i 15 år. Under opphaldet i Frankrike byrja ho å skriva reiseskildringar og noveller, mange av dei vart publiserte i det radikale tidsskriftet Mot Dag. Målarvirket gav ho opp etter at første verdskrigen tok slutt, då hadde ho gifta seg og fått ein son.
Ho debuterte som forfattar då ho var 46 år, i samband med skilsmålet frå mannen, den svenske skulptøren Anders Jönsson. Alberte og Jakob (1926) vart den fyrste i ein trilogi med delvis sjølvbiografiske romanar. Saman med Alberte og friheten (1931) og Bare Alberte (1939) var dette hennar store litterære verk. Forfattarskapen hennar bestod elles mykje av noveller, i tillegg til romanane Kranes Konditori og Kjøp ikke Dondi.
På tross av stor litterær suksess skjulte Fabricius seg bak psevdonymet sitt og levde eit ganske tilbaketrekt liv.
Diktverk
Cora Sandel brukte fleire element frå sitt eige liv i forteljingane ho skreiv. Ho tok særleg opp korleis maktpersonar gjerne overkøyrte barn og unge, og viste særleg eldre kvinner som dei som heldt yngre kvinner nede.
Omsetjingar
Alle bøkene hennar vart også utgitt på svensk ganske parallelt med dei norske versjonane. I tillegg har dei vorte omsette til mellom anna dansk, finsk, engelsk, nederlandsk, russisk, italiensk og tysk.
Familie
Sonen hennar, Erik Jönsson, testamenterte 25 av måleria hennar til Tromsø Museum. Perspektivet Museum råder over desse.
Prisar og utmerkingar
Bibliografi
- 1926 Alberte og Jakob, roman
- 1929 En blå sofa, novellesamling
- 1931 Alberte og friheten, roman
- 1932 Carmen og Maja, novellesamling
- 1935 Mange takk, doktor, novellesamling
- 1939 Bare Alberte, roman
- 1946 Dyr jeg har kjent, novellesamling
- 1946 Kranes konditori, roman
- 1949 Figurer på mørk bunn, noveller
- 1958 Kjøp ikke Dondi, roman
- 1973 Barnet som elsket veier tidlegare uutgjevne noveller og teikningar,
Kjelder
| Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2020 |
Bakgrunnsstoff
- Meir å lese om Cora Sandel