Det er føreslått at denne sida blir fletta med byparlamentarisme. Oppgjeven årsak: Små nyansar mellom parlamentarisme i by/kommune og fylkeskommune. (Sjå eventuelt (diskusjon))
Parlamentarisme i kommunar er ein måte å styre norske kommunar eller fylkeskommunar som er eit unntak frå kommunelova sin hovudmodell om formannskap. Parlamentarismen i norske kommunar er ganske lik parlamentarismen i Noreg. Det tyder at eit Byråd/Kommuneråd eller Fylkesråd styrer, men er avhengig av å ha tillit frå eit fleirtal i kommunestyret eller fylkestinget. Ein kommune eller eit fylke med parlamentarisme har ikkje formannskap eller fylkesutval. Ordføraren si rolle er og avgrensa til å vere ordstyrar og representere kommunen eller fylket. Rådet vil vanlegvis få seg delegerte dei fullmaktene som formannskapet og andre utval i kommunestyre ellers har. Det er kommunestyret eller fylkestinget som avgjer kor omfattande delegeringa til rådet skal vere. I ein kommune eller ein fylkeskommune med parlamentarisme fell stillinga som rådmann bort. Rådet overtar leiinga av administrasjonen.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2020