Gaza (arabisk غزة, Ġazzah, hebraisk עזה, Azzah; gammalgresk Γάζα), òg kalla Gaza by, er ein palestinsk by på Gazastripa, og med eit folketal på 515 556 er han den største byen i Palestina. Han har vore busett sidan 1400-talet fvt.[3] Gaza har vore dominert av forskjellige folkeslag og rike gjennom historia. Filistrane gjorde byen til ein del av sin pentapolis etter Det gamle Egypt hadde styrt byen i nesten 350 år.
Under romarane og seinare bysantinarane var Gaza ein relativt fredeleg stad og hamna blømde. I år 635 vart han den første byen i Palestina som vart erobra av Rashidunarmeen og utvikla seg raskt til eit sentrum for islamsk rettslære. Då krossfararane invaderte byen seint på 1000-talet, var han i ruinar. I dei påfølgjande hundreåra har Gaza slite med alt frå mongolske raid til flaumar og grashoppesvermar, og byen vart redusert til ein landsby på 1500-talet, då han vart ein del av Det osmanske riket. Den første halvdelen av det osmanske styret, kontrollerte Ridwan-dynastiet Gaza og under dei voks byen seg stor med mykje handel og fred. Kommunen Gaza vart grunnlagd i 1893.
Hovudnæringa i Gaza er småindustriar og jordbruk. Blokaden og dei stadige konfliktane har gjort dei økonomiske tilhøva særs vanskelege. Dei fleste innbyggjarane i Gaza er muslimar, men det finst òg ein kristen minoritet. Gaza har ein særs ung folkesetnad og kring 75 % av innbyggjarane er under 25 år gamle.
Etymologi
Namnet «Gaza» er først kjent frå militærdokument frå Thutmose III av Egypt på 1400-talet fvt.[6] I følgje Shahin kalla egyptarane han Ghazzat («den lovprisa byen»), og dei gamle arabarane kalla han ofte Ghazzat Hashem, til ære for Hashim, oldefaren til Muhammed, som skal vere gravlagd i byen i følgje islamsk tradisjon.[7] På semittisk er tydinga av namnet «barsk, sterk».
Historie
Gaza har ei historie som går attende 5 000 år, og det gjer han til ein av dei eldste byane i verda.[8] Han ligg langs kystvegen langs Middelhavet mellom Nord-Afrika og Levanten, og gjennom det meste av historia har han vore ei viktig transitthamn for den sørlege Levanten og ein viktig stoppestad for krydderhandel mot Raudehavet.[8][9]
Bronsealderen
Busetnaden i Gaza-området er datert attende til Tell es-Sakan, ei egyptisk borg bygd i kanaanittisk område sør for dagens Gaza. Det gjekk nedover med staden i tidleg bronsealder II då handelen med Egypt brått minka.[10] Eit anna bysenter vart kalla Tell al-Ajjul og byrja å veke langs elva Wadi Ghazza. I mellombronsealderen blømde Tell es-Sakan på ny og vart den sørlegaste staden i Kanaan, der han tente som eit fort. I 1650 fvt., då kanaanitten Hyksos okkuperte Egypt, vart ein ny by utvikla i ruinane etter den første Tell as-Sakan. Men denne vart fråflytta på 1300-talet fvt., mot slutten av bronsealderen.[10]
Antikken
Gaza tente seinare som den administrative hovudstaden til Egypt i Kanaan.[11] Under regjeringstida til Tuthmosis III vart byen ein stoppestad langs den syrisk-egyptiske karavaneruta, og var nemnd i Amarnabreva som «Azzati». Gaza vart verande under egyptisk kontroll dei neste 350 åra, før han vart erobra av filistinarar på 1100-talet fvt., og vart ein del av deira «pentapolis».[12] I følgje Domarane var Gaza staden der Samson vart fengsla av filistrane og døydde.[13]
Etter å ha blitt styrt av israelittane, assyrarane, og så egyptarane igjen, var Gaza relativt sjølvstendig og blømde under persarane. Aleksander den store kringsette Gaza, den siste byen som gjorde motstand under erobrainga hans på veg til Egypt, i fem månader, før han omsider erobra byen i 332 fvt.[12] Innbyggjarane vart anten drepne eller tekne til fange. Aleksander henta inn lokale beduinar til å busetje Gaza og organiserte byen som ein polis (eller «bytstat»). Gresk kultur sette så røter og Gaza fekk eit rykte som eit blømande senter for hellenistisk lærdom og filosofi.[14]
Gaza vart kringsett på ny i 96 fvt. av den hashmoneiske kongen Alexander Jannaeus som «fullstendig velta» byen, drap 500 senatorar som hadde flykta inn i Apollo-tempelet for å skjule seg.[15]Josefus skreiv at Gaza vart busett på ny under styret til Herodes Antipas, som dyrka venskapet med innbyggjarane frå Gaza, Ashkelon og arabarar i området, etter å ha blitt utpeikt som guvernør i Idumea av Jannaeus.[16] Byen vart ombygd etter han vart ein del av Romarriket i 63 fvt. kommandert av Pompeius Magnus, og Gaza vart så ein del av den romerske provinsen Judea.[12] Byen vart eit mål for jødane under opprøret mot romarane i år 66 evt. og vart delvis øydelagd.[17] Han vart likevel verande ein viktig by, og i enno større grad etter øydelegginga av Jerusalem.[18]
Gjennom romartida var Gaza ein velståande by og fekk tilskot og merksemd frå fleire keisarar.[12] Eit senat på 500 mann styrte Gaza, og eit mangfald av folkeslag, som filistrar, grekarar, romarar, kanaanittar, fønikarane, jødar, egyptarar, persarar og beduinar var busett i byen. Gaza prega sine eigne myntar med byster av gudar og keisarar avbilda.[19] Under eit besøk i 130 evt.,[20] sette keisar Hadrian personleg i gang spel med bryting, boksing og oratoriske konkurransar på det nye stadionet i Gaza, som vart kjend frå Alexandria til Damaskus. Byen var utsmykka med mange heidenske tempel. Hovudkulten var for Marnas. Andre tempel var tileigna Zevs, Helios, Afrodite, Apollo, Atene og den lokale Tyche.[12]Kristendomen byrja å spre seg i Gaza i 250 evt., mellom anna i hamenbyen Maiuma.[21][22][23][24] Ei stor synagoge fanst i Gaza på 500-talet, i følgje utgravingar.[25] Det vart fortgang på konverteringa til kristendom i Gaza under St. Porphyrius mellom 396 og 420. I 402, gav Theodosius II ordre om at alle dei åtte heidenske templa i byen skulle øydeleggast,[12] og fire år seinare bestilte keisarinna Aelia Eudocia ei kyrkje på toppen av ruinane av Marnastempelet.[26] Det var i denne tida at den kristne filosofen Aeneas av Gaza kalla Gaza, heimbyen sin, «Asias Aten.»[27] Etter delinga av Romarriket på 200-talet evt., vart Gaza verande under Austromarriket. Byen blømde og vart eit viktig senter i Levanten.[28]
Islamsk tid
I 635 evt. vart Gaza raskt kringsett og erobra av Rashidunarmeen under general 'Amr ibn al-'As etter slaget ved Ajnadayn mellom Austromarriket og Rashidun-kalifatet sentralt i Palestina. Staden vart trudd å vere staden der oldefaren til Muhammed, Hashim ibn Abd Manaf var gravlagd, og byen vart derfor ikkje øydelagd av den sigrande Rashidunarmeen trass i hard og langvarig motstand. Då dei muslimske arabarane kom, vart det drastiske endringar i Gaza. Først vart somme av kyrkje omgjorde til moskéar, mellom anna Den store moskeen i Gaza (den eldste i byen), og mange av innbyggjarane konverterte raskt til islam, medan arabisk vart det offisielle språket.[29] I 767 vart Muhammad ibn Idris ash-Shafi'i fødd i Gaza og budde der i barndommen. al-Shafi'i grunnla ein viktig sunnimuslimsk rettsfilosofi (eller fiqh) kalla Shafi'i etter han.[30] Tryggleik var nøkkelen for velstanden i Gaza. Sjølv om alkohol var bannlyst i islam, fekk dei jødiske og kristne samfunna lov å drive med vinproduksjon og druer, noko som skaffa byen store inntekter. Vinen vart hovudsakleg eksportert til Egypt. Fordi han låg ved grensa til ørkenen, var Gaza utsett for åtak frå nomadiske grupper.[31] I 796 vart Gaza øydelagd under ein borgarkrig mellom arabiske stammer i området.[32] På 900-talet var byen bygd opp att av det tredje arabiske kalifatet, styrt av abbasidane. Den arabiske geografen al-Muqaddasi skildra Gaza som «ein stor by langs hovudvegen til Egypt i utkanten av ørkenen.»[33] I 977 vart det fjerde kalifatet styrt av fatimidane og dei oppretta ein avtale med seldsjukkane, der fatimidane fekk kontroll over Gaza og landområdet sør for byen, inkludert Egypt.[34]
Europeiske krossfararar erobra byen frå fatimidane i 1100 og kong Baldwin III bygde ei borg som vart nytta av Tempelriddarane i Gaza i 1149.[26] Han omgjorde òg Den store moskeen til St. Johannes-katedralen.[20] I 1154 skreiv den arabiske reisande al-Idrisi at Gaza «er i dag ein særs folkerik by og i hendene på krossfararane.»[35] I 1187 erobra ajjubidane, leia av Saladin, Gaza og øydela seinare festningsverka her i 1191. Rikhard Løvehjarta bygde visstnok nye festningsverk i byen i 1192, men murane vart rivne ned att i samband med Ramla-traktaten nokre månader seinare, i 1193.[26] Ajjubide-styret enda i 1260, etter at mongolane under Hulagu Khan fullstendig øydela Gaza. Dette vart den sørlegaste erobringa hans.[29]
Etter mongolane øydela Gaza, byrja muslimske slavesoldatar basert i Egypt, kjend som mamelukkar, å adminsitrere området i 1277. Mamelukkane gjorde Gaza til hovudstaden i provinsen som hadde namnet Mamlakat Ghazzah. Dette distriktet strekte seg langs kystsletta frå Rafah i sør til like nord for Cæsarea, og i aust heilt til høglandet i Samaria og Hebronfjella. Andre store byar i provinsen var Qaqun, Ludd og Ramla.[29][36] Gaza gjekk inn i ein roleg periode under mamelukkane, og vart av dei nytta som ein utpost for åtak mot krossfararane, som enda styret sitt i 1290.[37] I 1294 øydela eit jordskjelv Gaza, og fem år seinare øydela mongolane igjen alt som var bygt opp att av mamelukkane.[29] Den syriske geografen al-Dimashqi skildra Gaza i 1300 som ein «by så rik på tre at han ser ut som eit brokadeklede spreidd utover landskapet.»[19] Under Sanjar al-Jawli vart Gaza omgjort til ein stor og velståande by, og mykje av arkitekturen frå mamelukktida er spora attende til regjeringstida hans, i 1311-1320 og igjen i 1342.[38][39] I 1348 råka svartedauden byen, og tok livet av dei fleste innbyggjarane, og i 1352 vart Gaza råka av ein øydeleggjande flaum, som er sjeldan i dette elles så tørre området sør i Levanten.[40] Då den arabiske geografen og forfattaren Ibn Batutta vitja byen i 1355, skreiv han at byen var «stor og folkerik, og hadde mange moskear.»[41]
Mamelukkane bidrog til arkitekturen i Gaza med å byggje moskear, islamske skular, hospital, karavanseraiar, og offentlege bad.[10] Dei let òg jødar få vende attende til byen, og under mamelukkande blømde det jødiske samfunnet i byen. Mot slutten av mamelukktida var det jødiske samfunnet i Gaza, det tredje største i Palestina, etter samfunna i Safad og Jerusalem. I 1481 skreiv den italiensk-jødiske reisande Meshulam frå Volterra:
Gazza vert av muslimane kalla Gaza. Han er ein fin og kjend plass, og frukta her er kjend og god. Her finn ein brød og god vin, men berre jødane lagar vin. Gaza har ein omkrins på fire mil og ingen murar. Han ligg kring seks mil frå sjøen i ein dal og på ein ås. Her er like mykje folk som det er sand ved sjøen, og det finst kring femti-seksti jødiske hushaldningar, handverkarar. Dei har ei lita, men vakker synagoge, og vindruer, åkrar og hus. Dei har alt byrja å lage den nye vinen. Jødane bur på toppen av åsen. Må Gud prise dei. Det er òg fire samaritanske hushaldningar i åssida.[42]
Osmansk styre
I 1516 var Gaza ein liten by med ei hamn som ikkje var i bruk. Bygningane var i dårleg stand og handelen var liten. Same året vart han ein del av Det osmanske riket.[40] Den osmanske hæren var raskt ute med å knuse eit lite opprør,[43] og dei lokale innbyggjarane vart tekne i mot som likemenn og sunnimuslimar.[40] Byen vart så hovudstaden i Sanjak Gaza, ein del av den større provinsen Damaskus.[44]Ridwan-dynastiet, kalla opp etter guvernøren Ridwan Pasha, var det første dynastiet som styrte Gaza og dei skulle styre byen i over hundre år.[45] Under Ahmad ibn Ridwan vart byen eit kultur- og religionssenter som følgje av partnarskapen mellom guvernøren og den prominente islamske juristen Khayr al-Din al-Ramli, som var basert i byen al-Ramla.[46]
Under styret til Husayn Pasha vart stiden mellom innbyggjarane og dei nærliggande beduin-stammene dramatisk redusert, og Gaza levde i fred og velstand. Ridwan-tida er skildra som ein gullalder for Gaza, ei tid då han i røynda var «hovudstad i Palestina.»[47][48] Den store moskeen vart restaurert og det vart bygt seks andre moskear, medan talet på tyrkiske bad og marknader auka raskt.[40] Etter Musa Pasha døydde, som tok over etter Husayn, vart det utpeitk osmanske embetsmenn til å styre bye i staden for Ridwan-familien. Etter familien forsvann frå makta, gjekkd et sakte nedover med byen.[49]
Frå tidleg på 1800-talet var Gaza kulturelt dominert av nabolandet Egypt. Muhammad Ali av Egypt erobra Gaza i 1832.[20] Den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson vitja byen i 1838, og skildra han som ein «tett folkesett» by som var større enn Jerusalem, der Gamlebyen låg oppå ei høgd, medan forstadane låg på sletta rundt.[50] Byen var eit viktig handelssenter på grunn av den strategiske plasseringa langs karavaneruter mellom Egypt og Nord-Syria, i tillegg til at det vart produsert såpe og bomull som vart seld til styresmaktene, lokale arabiske stammer og beduinane i Wadi Arabah og Ma'an.[51]Basarane i Gaza var godt utrusta og Robinson meinte dei var «langt betre» enn dei i Jerusalem.[52] Robinson merka seg at nesten alle spora i Gaza etter oldtida hadde forsvunne på grunn av stadige konfliktar og busetnad.[53] På midten av 1800-talet tok hamnene i Jaffa og Haifa over i forhold til hamna i Gaza, men byen hadde framleis ein fiskeflåte.[54]
Gaza vart igjen råka av byllepest i 1839 og byen, som mangla politisk og økonomisk stabilitet, stagnerte. I 1840 kjempa egyptiske og osmanske soldatar utafor Gaza. Osmanarane vann kontroll over området, og enda på den måten det egyptiske styret over det sørlege Syria. Kampane førte derimot til meir død og øydelegging i Gaza, som framleis sleit med etterverknadane etter pesten.[40]
Moderne tid
Britane vann kontroll over byen med det tredje slaget ved Gaza i 1917 under fyrste verdskrigen.[40] Etter krigen vart Gaza ein del av Palestinamandatet.[55] I 1930- og 1940-åra voks Gaza kraftig. Det vart bygt nye bydelar langs kysten og dei sørlege og austlege slettene. Internasjonale organisasjonar og misjonærgrupper stod for det meste av bygginga.[54] I 1947 vart Gaza tenkt som ein del av den arabiske staten i høve delingsplanen til Dei sameinte nasjonane, men vart okkupet av Egypt under den arabisk-israelske krigen i 1948. Folketalet i Gaza auka då mange flyktningar strøymde dit frå nærliggande byar og landsbyar som vart erobra av Israel. I 1957 innførte den egyptiske presidenten Gamal Abdel Nasser ei rekkje reformer i Gaza, mellom anna innan utdanning og sivile tenester.[56]
Gaza vart okkupert av Israel under seksdagarskrigen i 1967 etter at den egyptiske hæren vart slått. Det oppstod ofte konfliktar mellom palestinarane og dei israelske styresmaktene i byen sidan 1970-åra. Spaningane førte til den første intifadaen i 1987. Gaza var eit senter for konfrontasjonar under dette opprøret,[40] og dei økonomiske tilhøva i byen vart verre.[57]
I 2005 trekte Israel ut soldatane sine frå Gazastripa og fjerna tusenvis av israelarar som hadde busett seg på området.[58] Sidan den gong har Hamas vore involvert i ein stundom valdeleg maktkamp med den rivaliserande, palestinske organisasjonen Fatah. Den 25. januar 2006 vann Hamas ein overraskande siger i det palestinske valet. I 2007 styrta Hamas Fatah-styrkane på Gazastripa, medan Hamas-medlemmar vart fjerna frå PNA-regjeringa på Vestbreidda. I dag vert Hamas rekna som ein terrororganisasjon av dei fleste vestlege landa, og har de facto kontroll over byen og Gazastripa.[59]
I mars 2008 skulda ei rekkje menneskerettsgrupper den israelske blokaden av byen for å gjere den humanitære situasjonen i Gaza verre enn den nokon gong hadde vore sidan Israel okkuperte området i 1967,[60] og at israelske luftåtak mot militante mål i tett folkesette område, ofte tok livet av uskuldige sivile.[58] I 2008 gjekk Israel til åtak mot Gaza.[61] Israel erklærte at åtaket var eit svar på dei mange rakettåtaka og bombekastaråtaka frå Gazastripa inn i Israel sidan 2005, medan palestinarane hevda at dei svara på dei fiendtlege innfalla til Israel og blokaden av Gazastripa. I januar 2009 hadde minst 1 300 palestinarar mista livet i konflikten.[62][63]
Geografi
Det sentrale Gaza ligg på ei slette og kring ei høgd på 45 meter over havet. Det meste av den moderne byen er bygd langs denne sletta, nedanfor høgda, særleg i nord og aust, der forstadane til Gaza ligg. Stranda og hamna ligg 3 km vest for sentrum av byen og rommet i mellom består av låge høgder.[50]
Folkesetnaden i Gaza er avhengig av grunnvatn som einaste kjelde til drikkevatn og jordbruk. Den næraste elva er Wadi Ghazza i sør, som har kjelde ved Abu Middein langs kysten. Ho fraktar noko vatn om vinteren, men er tørr om sommaren.[67] Det meste av vassforsyninga vert omleidd til Israel.[68]
Ei høgd søraust for Gaza, kalla Tell al-Muntar, stig til 270 meter over havet. I fleire hundreår vert det hevda å vere staden der Samson førte byportane til filistrane. Åsen er krona med ein muslimsk heilagdom (maqam) tileigna Ali al-Muntar. Det ligg gamle muslimske graver kring trea,[69] og overliggaren over døra har to arabiske inskripsjonar frå mellomalderen.[12]
Klima
Gaza har eit varmt halvtørt klima (Köppen: BSh) med milde vintrar og tørre, steikande somrar.[70] Våren kjem kring mars-april og dei varmaste månadane er juli og august, med ein normal makstemperatur på 33 °C. Den kaldaste månaden er januar då temperaturane vanlegvis ligg kring 7 °C. Det kjem sjeldan regn, og det som kjem fell som regel mellom november og mars. Årsmiddelnedbøren er 301 mm.[71]
I følgje osmanske skattelister frå 1557, hadde Gaza 2 477 mannlege skattebetalarar.[81] Statestikken frå 1596 syner at folkesetnaden i Gaza var muslimar fordelte på 456 hushaldningar, 115 ungkarar, 59 religiøse personar og 19 handikappa. I tillegg var det 141 jundiyan eller «soldatar» i den osmanske hæren. Av dei kristne var det 294 hushaldningar og sju ungkarar, medan det var 73 jødiske hushaldningar og åtte samaritansk hushaldningar. I alt var det estimert 6 000 innbyggjarar i Gaza, noko som gjorde han til den tredje største byen i Osmansk Palestina etter Jerusalem og Safad.[73]
I 1838 var det kring 4 000 muslimar og 100 kristne skattebetalarar, som indikerer eit folketal kring 15 000 eller 16 000—som var større enn Jerusalem på den tida. Det samla talet på kristne familiar var 57.[51] Før fyrste verdskrigen braut ut, var folketalet i Gaza 42 000; men harde kampar i Gaza i 1917 førte til at folketalet fall kraftig.[75]
Dowling, Theodore Edward (1913). «Gaza: A City of Many Battles (from the family of Noah to the Present Day)». S.P.C.K.
Dumper, Michael; Stanley, Bruce E.; Abu-Lughod, Janet L. (2007). Cities of the Middle East and North Africa: A Historical Encyclopedia. ABC-CLIO. ISBN978-1-57607-919-5.
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). «Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century». Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
be-Yiśraʼel, Makhon le-minhal tsiburi (1966). «Public Administration in Israel and Abroad». Israel Institute of Public Administration (IIPA).
↑Jennifer Lee Hevelone-Harper (1997) Disciples of the Desert: Monks, Laity, and Spiritual Authority in Sixth-century Gaza JHU Press ISBN 0-8018-8110-2 s. 11- 12
↑Hagith Sivan (2008) Palestina in late antiquity Oxford University Press, ISBN 0-19-928417-2 p 337
↑Andrea Sterk (2004) Renouncing the World Yet Leading the Church: The Monk-Bishop in Late Antiquity Harvard University Press, ISBN 0-674-01189-9 p 207
↑Gerald Butt (1995) Life at the crossroads: a history of Gaza Rimal Publications, ISBN 1-900269-03-1 p 70