I følgje Salfit handelskammer, kjem ordet Salfit frå eit kanaanittisk ord som tyder «druekorg» (Sal tyder «korg» og fit tyder «druer».)[3]
Historie
På 1100- og 1200-talet var Salfit busett av muslimar.[4]
Osmansk tid
Den moderne Salfit vart grunnlagd i osmansk tid.[5] I 1596 stod landsbyen oppført i osmanske skattelister under namnet Salfit al-Basal som ein del av i Jabal Qubal nahiya i Nablusliwa. Han eit folketal på 118 hushaldningar og to ungkarar, alle muslimar. Innbyggjarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og/eller bikubar.[6]
I denne tida var han eit senter for lokale landsbyar,[7] og var ein av mange store handelslandsbyar i området som var ein mellomstasjon mellom det administrative senteret i Nablus og mindre landsbyar.[8] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Salfit som «ein stor landsby, i høgt lende, med olivenlundar kring seg, og ein dam i aust. Han er visstnok ein eldgammal stad med graver hogde ut i fjellet.» Det vart òg nemnt to vasskjelder vest for landsbyen.[9]
I 1916, mot slutten av det osmanske styret i Palestina, var Salfit ein av dei to største landsbyane i Nablus sanjak som produserte olivenolje. På de tida var det spaningar mellom innbyggjarane i landsbyen og kjøpmenn frå Nablus.[10] Ei av årsakene tild ette var eit grashoppeåtak på avlingane i Salfit året før, som hadde øydelagd avlingane til landsbyen.[11]
I 1989 stod kommunismen framleis sterkt i Salfit. Mellom den israelske okkupasjonen som byrja i 1967 etter seksdagarskrigen og Den første intifadaen, det palestinske opprøret som starta i 1987, arbeidde relativt mange av innbyggjarane, kring 600 av eit folketal på 4 500, i sjølve Israel og i den nærliggande israelske busetjingaAriel. I Salfit var det fleire arbeidarar som arbeidde i israelske føretak enn i andre palestinske byar, fordi han låg nær grensa til Israel og fordi løna var mykje høgare i Israel.[14]
I byrjinga av den første intifadaen, boikotta nesten alle arbeidarane jobbane sine i Israel og året etter, då mange av palestinarane avslutta boikotten, vart kring halvparten av arbeidarane nekta å kome attende til jobbane sine. Dette førte til ein nesten «grøn revolusjon» i byen, då mange av arbeidarane måtte starte med jordbruk. Byen vart slikt sjølvforsynt med tomatar og agurkar, som ikkje var blitt dyrka her tidlegare. I tillegg vart det dyrka mange andre grønsaker.[14]
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.