Den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi skreiv i 1226, medan Deir Ballut var under mamelukkane at «Deir al-Ballut var ein landsby kring ar-Ramla.»[3]
I 1882 skildra «Survey of Western Palestina» landsbyen som «ein liten landsby, delvis i ruinar, men tydelegvis ein stad som var viktig ein gong, med graver hogde ut i stein. Vassforsyninga kjem frå brunnar.»[4] Vest for landsbyen ligg graver hogde ut i stein, frå ei kristen tid.[5]
Deir Ballut var åstsd for ei mindre trefning mellom tyrkiske og britiske soldatar den 12. mars 1918.