Basar er eit torg eller ei gate der det blir halde marknad, og er særleg kjend frå byar i Austen og i område med muslimsk kultur. Ein basar kan vera dekt med tak eller ha opne hallar.
Ordet «basar» kjem frå det persiskebāzār,[1] som går tilbake til det pahlaviske ordet baha-char med tydinga 'staden med prisar'.[treng kjelde]
I Europa forstår ein ved basar ei samanhengande rekkje av mindre butikkar, eller ein enkelt butikk der varer av forskjellig art vert selde. Ordet «basar» blir òg brukt om lotteri til inntekt for frivillige organisasjonar, gjerne i samanheng med loppemarknader.