Landsbyen vart okkupert av israelske styrkar den 5. november 1948, då det meste av den arabiske folkesetnaden på 11 000 vart tvungne bort.[2] Jødar fytta inn i området seinare på året. Den israelske byen vart først kalla Migdal Gaza, Migdal Gad og Migdal Ashkelon. I 1953 vart den nærliggande Afridar ein del av byen og namnet «Ashkelon» vart teke opp att. i 1961 var Ashkelon den 18. største israelske byen med eit folketal på 24 000.[3] I 2010 var innbyggjartalet i Ashkelon på 112 900.[4]
Etymologi
Namnet Ashkelon er truleg vestsemittisk og kan vere knytt til rota š-q-l («å vege» frå ei semittisk rot ṯql, som slektar på det hebraiskee šāqal, שָקַל eller det arabiske θiql, ثِقْل «vekt») som kan syne til at han var eit viktig handelssenter. Ashkelon er nemnt i egyptisk tekstar frå det 10. dynastiet som «Asqanu».[5]Scallion og sjalottlauk kjem frå Ascalonia, det latinske namnet på Ashkelon.[6][7]
Historie
Yngre steinalder
Funnet frå yngre steinalder i Ashkelon ligg ved kysten av Middelhavet, 1,5 km nord for Tel Ashkelon. Det er datert radiometrisk til kring 7900 år sidan, til den lite kjende førkeramiske C-fasen av yngre steinalder. Han vart oppdaga og grave ut i 1954 av den franske arkeologen Jean Perrot. I 1997–1998 vart det gjort eit større redningsprosjekt på staden av Yosef Garfinkel på vegner av Det hebraiske universitetet i Jerusalem og nesten 1 000 kvadratmeter vart undersøkt. Ein siste utgravingsrapport vart publisert i 2008.
På staden er det funne over hundre eldplassar og mange groper, men ingen fast arkitektur, utanom ein mur. Det er funne forskjellige fasar av busetnad, over kvarandre, med sterile lag med sjøsand mellom dei. Dette indikerer at staden berre var busett i periodar.
Hovudfunna var enorme mengder dyrebein (ca. 100 000) og 20 000 flintlekamar. Beina høyrte både til tamme og ville dyr. Dette indikerer at staden har blitt brukt av gjetande nomadar for å handsame kjøt. Saltet i sjøen i nærleiken gjorde at dei kunne bevare kjøtet.
Byen vart opphavleg bygd på eit sandsteinsutspring og hadde god vassforsyning frå underjorda. Han var relativt stor for ein by i antikken, med så mange som 15 000 innbyggjarar innafor bymurane, som strekte seg over 2,4 km, var 15 meter høge og 50 meter tjukke. Asheklon blømde i mellombronsealderen (2000–1550 fvt.) med store festningsvollar, inkludert den eldste bogabyporten i verda, åtte fot brei, og som i ruinert tilstand framleis er to etasjar høg. Tjukkleiken på murane var så stor at adobesteinen hadde ein tunnellikande port kledd med kvit kalk for å støtte opp om superstrukturen. Det er den eldste kvelven av denne typen ein nokon gong har funne. Seinare romerske og islamske festningsverk følgde same metoden, ein enorm halvsirkel som verna Ashkelon på landsida. Langs sjøsida vart han verna av ei stor naturleg klippe.
I 1991 vart det oppdaga ein votiv sølvkalv i ruinane av ein heilagdom. I den kaananittiske perioden var det ein meir enn 6 meter brei veg opp vollen frå hamna til porten på toppen. I nærleiken, i ruinane av eit lite keramisk tabernakel, vart et funne ein finstøypt bronsestatuett av ein oksekalv, opphavleg sølvfarga. Denne var 10 cm lang. Bilete av kalvar og oksar var tilknytt dyrkinga av dei kanaanittiske gudane El og Baal.
Amarnabreva nemner Ashkelon (Ašqaluna) i 1350 fvt.. Dette var sju brev til den egyptiskefaraoen frå kong Yidya. Yidya var den einaste herskaren av Ašqaluna i denne 15-20 årsperioden. Eit av breva frå faraoen til Yidya vart oppdaga tidleg på 1900-talet.
Filistrane
Filistrane erobra det kanaanittiske Ashkelon kring 1150 fvt. Den tidlege keramikken deira, strukturtypar og inskripsjonar er liknande dei tidlege greske byane i Mykene på fastlands-Hellas, og la tyngde til hypotesen om at filistrane kanskje av eit av «havfolka» som forstyrra kulturar langs det austlege Middelhavet på denne tida. Ashkelon vart ein av fem filistar-byar som var i konstant krig med israelittane og Kongedømet Judea. I følgje Herodotus var Venus-tempelet det eldste av sitt slag, og sjølv imitert på Kypros, og han nemner at dette tempelet vart plyndra av skytarar då dei reite gjennom Medes (653–625 fvt.). Då denne enorme hamnebyen, den siste av filistar-byane som klarte å halde ut mot Nebukadnesar omsider fall i 604 fvt., brend og øydelagd og med innbyggjarane sende i eksil, var filistartida over.[treng kjelde]
Antikken
Ashkelon vart raskt bygd opp att. Fram til erobringa til Aleksander den store var innbyggjarane i Ashkelon påverka av den dominerande persiske kulturen. Det er i dette arkeologiske laget at utgravingar har avdekt hundegraver. Ein trur at hundar kan ha hatt ei heilag rolle, men bevisa er ikkje avgjerande. Etter erobringa til Aleksander på 300-talet fvt., var Ashkelon ein viktig hellenistisk hamneby.
I følgje Tanakh er Ashkelon ein av byane som det jødiske folket fekk i arv.[8] (Josva 13:3) Jødane i Judea dreiv grekarane ut av regionen under Makkebearopprøret, som varte frå 167 til 160 fvt. Det hashmoneiske kongedømet vart så oppretta, som Asheklon sidan vart ein del av.
Det hashmoneiske kingdom fall i 63 fvt., og området vart ein del av Den romerske republikken. Dronning Kleopatra VII nytta Ashkelon som tilfluktsstad då broren og systera sende ho i eksil i 49 fvt. Ho organiserte ein hær på staden, men trengde ikkje bruke denne då Julius Cæsar kom til Alexandria. Ashkelon vart seinare plassert under styret til Herodes den store, ein jødisk vasallkonge til Roma. Ashkelon kan til og med ha vore fødestaden hans. Josefus skriv at Ashkelon ikkje var overlate til Herodes den store i 30 fvt.,[9] og likevel bygde han monumentale bygningar der: bad, utførleg fontener og store kolonnadar. Byen var lojal til Roma under Det store opprøret, 66–70 evt., og i hundreåra etter voks han til eit viktig senter. Han er med på eit fragment av Madabakartet frå 500-talet.
Krossfarartida
Under krosstoga var Ashkelon (av krossfararane kalla Ascalon) ein viktig by, sidan han låg nær kysten og mellom krossfararstatane og Egypt. I 1099, kort tid etter omleiringa av Jerusalem i 1099, vart ein egyptisk fatimide-hær, som vart send for å berge Jerusalem, slått av krossfararane i slaget ved Ascalon. Sjølve byen vart ikkje erobra av krossfararane på grunn av usemjer mellom leiarane deira. Dette slaget vert rekna som slutten på det første krosstoget. Fram til 1153 klarte fatimidane å sende fleire raid mot kongedømet Jerusalem frå Ashkelon, som tydde at den sørlege grensa til krossfararstatane var konstant utstabil. Som var til desse inntrengingane i Outremer, bygde kong Fulk av Jerusalem ei rekkje kristne busetnader kring byen i 1130-åra, for å nøytralisere truselen til den muslimske garnisonen. I 1148, under det andre krosstoget vart byen kringsett i åtte dagar av ein liten krossfararhær, men ikkje erobra, sidan ikkje fekk full støtte frå krossfararstatane.
Etter krossfararane erobra Jerusalem medverka dei seks eldre frå det karaittiske jødiske samfunnet i Ashkelon til løysepengane for fanga jødar og heilage lekamar frå dei nye herskarane i Jerusalem.
Eit par hundre jødar, karaittiske og rabbanittiske, budde i Asheklon på andre halvdelen av 1100-talet, men flytta til Jerusalem då byen vart øydelagd i 1191.[10]
Islamsk tid
I 1187 tok Saladin Ashkelon som ein del av erobringa si av krossfararstatane etter slaget ved Hattin. I 1191, under det tredje krosstoget, øydela Saladin byen fordi han var potensielt strategisk viktig for dei kristne, men leiaren for krosstoga, kong Rikard I av England, bygde eit citadell på ruinane. Ashkelon vart slik verande ein del av dei mindre territoria i Outremer gjennom det meste av 1200-talet og Richard, jarlen av Cornwall ombygde og forsterka citadellet i 1240-1241, som ein del av planane til krossfararane om å forsterke forsvaret til kystbyane. Egyptarane tok Ashkelon attende i 1247 under striden til As-Salih Ayyub med krossfararstatane og byen kom attende til muslimsk styre.Mamelukkdynastiet kom til makta i Egypt i 1250 og den antikke og mellomalderhistoria til Ashkelon var over i 1270, då mamelukk-sultanen Baibars gav ordre om at citadellet og hamna skulle øydeleggjast. Som følgje av øydelegginga vart staden fråflytta og vart sidan ikkje i bruk.
I følgje sjia-muslimsk tradisjon, skal hovudet til Husayn ibn Ali, barnebarn av Mohammed, vere gravlagd i Ashkelon. Seint på 1000-talet vart det flytta til ein ny heilagdom som Mashad Nabi Hussein (eller Sabni Hussein) bygde for dette føremålet. I 1153, då krossfararane erobra Ashkelon, vart hovudet flytta til Fustat (Egypt). Heilagdomen vart skildra som den flottaste bygningen i Ashkelon.[11] Under den britiske mandatperioden vart ein «stor maqam på toppen av ei høgd» men utan grav funnen. Eit fragment av ei søyle syner staden der hovudet kan ha vore gravlagd.[12] I juli 1950 vart heilagdomen øydelagd etter instruksjonar frå Moshe Dayan i samband med at israelarane øydela muslimske, historiske stader i Israel i 1950-åra.[13]
Osmanske tid og mandatperioden
Den arabiske landsbyen Majdal var nemnd av historikarar og turistar mot slutten av 1400-talet.[14] I 1596 synte osmanske skattelister at Majdal var ein stor landsbyen med 559 muslimske hushaldningar, noko som gjorde han til den 7. største staden i Palestina etter Safad, Jerusalem, Gaza, Nablus, Hebron og Kafr Kanna.[15][16]
Folketeljinga i 1931 syner at det budde 6 166 muslimar og 41 kristne der.[17] I 1948 var folketalet auka til kring 11 000.
Majdal var særleg kjend for veveindustrien sin. Byen hadde kring 500 vevar i 1909. I ein britisk rapport frå 1920 vart det estimert at det var 550 bomullsvevar i byen med ein årleg produksjon verd 30-40 000 000 franc.[18] Men industrien leid på grunn av import frå Europa og i 1927 var det berre 109 vevar att. Dei tre store stoffa som vart produserte var «malak» (silk), 'ikhdari' (band av raudt eller grønt) og 'jiljileh' (mørkeraude band). Desse vart nytta for festklede i det sørlege Palestina. Mange andre stoff vart òg produsert, somme med poetiske namn som ji'nneh u nar («himmel og helvete»), nasheq rohoh («sjelas pust») og abu mitayn («far av to hundre»).[19]
Staten Israel
Under krigen i 1948 okkuperte den egyptiske hæren ein stor del av Gaza, inkludert Majdal. Over dei neste få månadane vart byen utsett for israelske flyåtak og bombardement.[2] Alle utanom kring 1 000 innbyggjarar vart tvinga på flukt då han vart erobra israelske styrkar den 4. november 1948.[2] General Yigal Allon gav ordre om å drive bort dei gjenverande palestinarane, men lokale kommandantar gjorde ikkje dette og den arabiske folkesetnaden auka raskt til meir enn 2 500, hovudsakleg på grunn av flyktningar som kom seg attende og fordi palestinarar vart flytta frå nærliggande landsbyar.[2][14] Dei fleste av dei var eldre, kvinner eller barn.[14] Det neste året vart palestinarane halde i eit innsperra område med piggtrådgjerde rundt, som berre vart kalla «ghettoen».[3][14][20]Moshe Dayan og statsminister David Ben-Gurion var for å drive arabarane ut, medan Mapam og den israelske arbeidarunionen Histadrut protesterte.[2] Regjeringa gav palestinarane gode vilkår om dei drog, som gode valutakursar, men skapte òg panikk gjennom nattlege raid.[2] Den første gruppa vart deporterte til Gazastripa med lastebilar den 17. august 1950 etter ein utkastingsordre.[21] Deportasjonen var godkjend av Ben-Gurion og Dayan etter protestar frå Pinhas Lavon, generalsekretæren i Histadrut, som såg for seg byen som eit produktivt døme på like rettar.[22] I oktober 1950 var det berre 20 palestinske familiar att, medan resten hadde flytta til Lydda eller Gaza.[2] I følgje israelske tal vart i alt 2 333 palestinarar overførte til Gazastripa, 60 til Jordan, 302 til andre byar i Israel, medan eit fåtal vart verande att i Ashkelon.[14] Lavon hevda denne operasjonen tok bort «den siste resten av tillit arabarane hadde i Israel, i kor oppriktig staten sin erklæring om demokratig og like borgarrettar var og den siste resten av tillit dei arabiske arbeidarane hadde til Histadrut.»[22] Etter eit egyptisk søksmål avgjorden ein egyptisk-israelsk blanda våpenkvilekommisjon at palestinarane skulle få flytte attende til Majdal, men dette vart ikkje gjort.[23]
Å folkesette dei fråflytta arabiske busetnadane med jødar vart offisiell politikk den desember 1948, men prosessen kom seint i gang.[3] Den israelske nasjonalplanen frå juni 1949 utpeikte al-Majdal som ein stad med eit regionalt bysenter for 20 000 innbyggjarar.[3] Frå juli 1949 flytta nye immigrantar og demobiliserte soldatar inn i den nye byen, og auka det jødiske folketalet der til 2 500 i løpet av seks månader.[3] I 1949 fekk byen namnet Migdal Gaza, og så Migdal Gad. Kort tid etter vart det Migdal Ashkelon. I 1953 vart nærliggande nabolaget Afridar ein del av byen og namnet vart endra til det noverande Ashkelon. I 1961 hadde Ashkelon blitt den 18. største israelske byen med eit folketal på 24 000.[3]
Den 1.–2. mars 2008 avfyrte Hamas rakettar frå Gazastripa (somme av dei Grad-rakettar) som råka Ashkelon. Sju vart skadde og eigedomar vart øydelagde. Borgarmeisteren Roni Mahatzri uttalte at «dette er ein krigserklæring. Eg veit ikkje korleis det elles kan definerast. Om det varer ei veke eller to, skal me klare det, men me har ingen intensjonar om å la dette bli ein del av dagleglivet vårt.»[24] Den 12. mai 2008 vart ein rakett avfyrt frå den nordlege Gaza-byen Beit Lahiya og råka eit kjøpesenter sør i Ashkelon, og påførte det store strukturelle skadar. I følgje The Jerusalem Post vart fire menneske alvorleg skadde og 87 vart behandla for sjokk. 15 personar fekk mindre til moderate skadar då delar av bygget kollapsa. Politimeisteren for Det sørlege distriktet Uri Bar-Lev meinte det var ein Katyusha-rakett av Grad-modellen som var produsert i Iran.[25] I mars 2008 vart 230 bygningar og 30 bilar øydelagde av rakettar mot Ashkelon.[26]
I mars 2009 råka ein Qassam-rakett ein skule, øydela klasserom og skadde to personar.[27]
I juli 2010 råka ein Grad-rakett eit bustadområde i Ashkelon, og bilar og eit leilegheitsbygg vart øydelagd.[28]
[
Panorama av dagens Ashkelon
Kultur
Ashkelon sportsarena opna i 1999. «Jewish Eye» er ein jødisk, internasjonal filmfestival som finn stad kvart år i Ashkelon. Festivalen starta opp i 2003.[29]
Breeza musikkfestival vert halde kvart år i og rundt amfiteateret i Ashkelon sidan 1992. Dei fleste av artistane spelar gratis.
Golan, Arnon (2003). «Jewish Settlement of Former arabarar Towns and their Incorporation into the israelske Urban System (1948–1950)». Israel Affairs9: 149–164. doi:10.1080/714003467.
Townsend, Christopher (2006). God's War: A New Historie of the krosstoga. Penguin Books ltd. ISBN978-0-7139-9220-5.
Y. Garfinkel, D. Dag, B. Hesse, P. Wapnish, D. Rookis, G. Hartman, D.E. Bar-Yosef and O. Lernau. 2005. yngre steinalder Ashkelon: Meat Processing and Early Pastoralism on Middelhavet Coast. Eurasian Prehistory 3: 43–72.
Y. Garfinkel and D. Dag. 2008. yngre steinalder Ashkelon. Qedem 47. Jerusalem: Institute of Arkeologi, Hebraisk universitet.
↑ 3,03,13,23,33,43,5Golan, Arnon (2003). «Jewish Settlement of Former Arab Towns and their Incorporation into the Israeli Urban System (1948–1950)». Israel Affairs9: 149–164. doi:10.1080/714003467.
↑Alex Carmel, Peter Schäfer and Yossi Ben-Artzi (1990). The Jewish Settlement in Palestina, 634–1881. Beihefte zum Tübinger Atlas des Vorderen Orients : Reihe B, Geisteswissenschaften; Nr. 88. Wiesbaden: Reichert. s. 24,31.
↑Moshe Gil, A Palestine history, 634–1099 (1997) s 193–194.
↑Tewfik Kanaan (1927). Mohammedan Saints and Sanctuaries in Palestina. Jerusalem: Ariel Publishing House. s. 151.
↑Meron Rapoport, Historie Erased, Haaretz, 5. juli 2007. [1]
↑ 14,014,114,214,314,4Orna Cohen (2007). «Transferred to Gaza of Their Own Accord» The Arabs of Majdal in Ashkelon and their Evacuation to the Gaza Strip in 1950. The Harry S. Truman Research Institute for the Advancement of Peace, Det hebraiske universitetet i Jerusalem.
↑Hütteroth, Wolf-Dieter and Kamal Abdulfattah (1977), Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
↑Petersen, Andrew (2005). The Towns of Palestina under muslim Rule AD 600–1600. BAR International Series 1381. s. 133.
↑Palestina Office of Statistics, Vital Statistical Tables 1922–1945, Table A8.
↑ 22,022,1Kafkafi, Eyal (1998). «Segregation or integration of the israelske arabarar – two concepts in Mapai». International Journal of Midtausten Studies30 (03): 347–367. doi:10.1017/S0020743800066216.
↑"Security Council», International Organization, Vol. 6, No. 1 (Feb., 1952), s. 76–88
↑«Israeli City Shocked As Rockets Hit». Associated Press. 3. mars 2008.
Gerhana matahari total terjadi ketika bulan menutupi matahari sepenuhnya, seperti terlihat di gambar gerhana matahari 1999 ini. Tonjolan matahari terlihat di tepi matahari (berwarna merah) dan korona terlihat berwarna putih. Gerhana matahari cincin (kiri, Mei 2012) terjadi ketika bulan tidak cukup besar untuk menutupi seluruh matahari, sehingga matahari tampak sebagai cincin cahaya di sekeliling bulan.Dalam gerhana matahari sebagian (kanan, Oktober 2014) matahari tidak ditutupi seluruh pirin...
Para una completa descripción de la organización político-administrativa de Colombia, véase Organización territorial de Colombia. Área metropolitana Áreas metropolitanas en vigencia en rojo, reconocidas en naranja, de facto en ámbar.País Colombia ColombiaCategoría Segundo nivel de división administrativaLocalizados en DepartamentosFecha de creación 1991Datos estadísticosNúmero actual 7Fecha del último creado (2023)Subdivisión(es) Municipios[editar datos en Wik...
Escuela de Antropología e historia del Norte de México (Instituto Nacional de Antropología e Historia) Sigla EAHNMTipo PúblicaFundación 1990-2012 (34 años)Fundador Juan Luis Sariego †, Lourdes Pérez, Víctor Quintana, Luis Reygadas, Margarita Urías † y Augusto UrteagaLocalizaciónDirección Calle 5 de Febrero e Instituto Politécnico Nacional (calle 28) #301 col. Guadalupe C.P. 31410Chihuahua, Chihuahua, México MéxicoCampus 1 haAdministraciónDirectora Dra. María Jesús Ce...
Artikel ini tidak memiliki referensi atau sumber tepercaya sehingga isinya tidak bisa dipastikan. Tolong bantu perbaiki artikel ini dengan menambahkan referensi yang layak. Tulisan tanpa sumber dapat dipertanyakan dan dihapus sewaktu-waktu.Cari sumber: Ibnu Hadjar – berita · surat kabar · buku · cendekiawan · JSTOR Ibnu HadjarLahir(1920-04-19)19 April 1920 Ambutun, Telaga Langsat, Hulu Sungai Selatan, Kalimantan Selatan, Hindia BelandaMeninggal22 Maret...
Wakil Bupati BulunganPetahanaIngkong Ala, S.E., M.Si.sejak 26 Februari 2021Masa jabatan5 tahunDibentuk2000Pejabat pertamaDrs. Henry EdomSitus webbulungan.go.id/page/ Berikut ini adalah daftar Wakil Bupati Bulungan dari masa ke masa. No Wakil Bupati Mulai Jabatan Akhir Jabatan Prd. Ket. Bupati 1 Drs.Henry Edom 2000 2005 1 H.Anang Dachlan DjauhariS.E. Jabatan kosong 2005 2005 - Drs. H.AbdussamadM.Si.(Penjabat) 2 Drs.Liet IngaiM.Si. 2005 2010 2 Drs. H.Budiman ArifinM.Si...
Mata telanjang Mata telanjang atau mata bugil adalah majas yang merujuk pada penglihatan manusia tanpa menggunakan alat optik apapun seperti mikroskop dan teleskop (tidak termasuk kacamata). Istilah ini sering digunakan dalam astronomi ketika merujuk kepada peristiwa yang dapat dilihat oleh orang awam, seperti sebagian komet dan hujan meteor. Sastra Davidson, N.: Sky Phenomena: A Guide to Naked Eye Observation of the Heavens. FlorisBooks (208p), ISBN 0-86315-168-X, Edinburgh 1993. Gerstbach G...
هذه المقالة عن اللغات التي يتكلم بها سكان قارة أوروبا وليس جزيرة أروبا في البحر الكاريبي. لمعانٍ أخرى، طالع لغات أروبا. اللغات المتكلمة في أوروبا أغلبها من العائلة اللغوية الهندية الأوروبية أو الفينية الأوغرية.[1] أيضًا اللغات تركية موجودة بكثرة في أوروبا. توزع ا...
This article includes a list of general references, but it lacks sufficient corresponding inline citations. Please help to improve this article by introducing more precise citations. (January 2012) (Learn how and when to remove this template message) Nanda KhatHighest pointElevation6,611 m (21,690 ft)Prominence240 m (790 ft) Coordinates30°18′06″N 79°58′33″E / 30.30167°N 79.97583°E / 30.30167; 79.97583GeographyLocationBageshwar...
Film genre Disaster movie redirects here. For the 2008 film of that title, see Disaster Movie. For movies that perform disastrously from a financial standpoint, see Box-office bomb. A disaster film or disaster movie is a film genre that has an impending or ongoing disaster as its subject and primary plot device. Such disasters may include natural disasters, accidents, military/terrorist attacks or global catastrophes such as a pandemic. A subgenre of action films,[1][2] these ...
Genus of bats Rhogeessa Yucatan yellow bat (Rhogeessa aeneus) Scientific classification Domain: Eukaryota Kingdom: Animalia Phylum: Chordata Class: Mammalia Order: Chiroptera Family: Vespertilionidae Tribe: Antrozoini Genus: RhogeessaH. Allen, 1866 Type species Rhogeessa tumidaH. Allen, 1866 Species See text Rhogeessa is a genus of bats within the vesper bats family, Vespertilionidae.[1] Species Yucatan yellow bat (R. aenea) Bickham's little yellow bat (Rhogeessa bickhami) Genoways's ...
Surinamese football club Football clubTakdier BoysFull nameSociaal Cultureel Sport Vereniging Takdier BoysFounded15 August 1952; 71 years ago (1952-08-15)GroundEddy Blackman Stadion, Livorno, SurinameCapacity2,000LeagueHoofdklasse2015–168th Home colours Sociaal Cultureel Sport Vereniging Takdier Boys also SCSV Takdier Boys or simply Takdier Boys, are a Surinamese football (soccer) club from Livorno, Suriname founded in 1952. The club compete in the Hoofdklasse, the highest...
Christian BautistaInformasi latar belakangNama lahirChristian Joseph Morata BautistaLahir19 Oktober 1981 (umur 42)AsalImus, FilipinaGenrePop, P-popPekerjaanPenyanyi, aktor, pembawa acara, peragawanInstrumenPenyanyiTahun aktifsekarangLabelWarner Music Star Music Universal Records (Filipina) Aquarius Musikindo (Indonesia)Situs webChristianBautistaOnline.com Christian Joseph Morata Bautista (lahir 19 Oktober 1981) adalah penyanyi, aktor dan model asal Filipina. Christian adalah penyanyi yan...
Tooji Informations générales Surnom Tooji Nom de naissance Tooji Keshtkar Naissance 26 mai 1987 (36 ans)Chiraz, (réside en Norvège) Activité principale Chanteur Genre musical Pop Années actives Depuis 2008 modifier Tooji, de son vrai nom Tooji Keshtkar, né le 26 mai 1987 à Chiraz, en Iran, est un chanteur norvégien d'origine iranienne. Biographie Sa famille emménage en Norvège lorsqu'il est enfant[1]. À 16 ans, il commence une carrière de mannequin. Il travaille ensuite sur...
American scientific nonprofit organization Society for ScienceFounded1921FounderEdward W. ScrippsWilliam Emerson RitterType501(c)(3) Non-profitTax ID no. 53-0196483[1]LocationWashington, D.C., U.S.ProductsScience NewsScience News ExploresKey peopleMaya Ajmera (President & CEO)Mary Sue Coleman (Chair of the Board)Revenue $31.9 million (2021)[2]Endowment$101.3 million (2021)[2]Employees 100[3]Websitewww.societyforscience.orgFormerly calledScience Service Soci...
American racing driver NASCAR driver Bubba PollardPollard at Richmond Raceway in 2024BornAndrew Pollard (1987-03-16) March 16, 1987 (age 37)Senoia, Georgia, U.S.Achievements2016 All American 400 Winner2017 Slinger Nationals Winner2012, 2023, 2024 Rattler 250 Winner2018, 2019 Canadian Short Track Nationals Winner2020 Florida Governor's Cup Winner2015, 2017, 2022 Red Eye 100 Winner2018 Oxford 250 Winner2017 Money in the Bank 150 Winner2019 World Series of Asphalt Super Late Model Champion...
British swimmer Jazmin CarlinCarlin in 2009Personal informationFull nameJazmin Roxy CarlinNicknameJazzNational team Great Britain Wales[1]Born (1990-09-17) 17 September 1990 (age 33)[2]Swindon, EnglandHeight1.75 m (5 ft 9 in)Weight57 kg (126 lb; 9.0 st)SportSportSwimmingStrokesFreestyleClubSwansea ITC and University of Bath Medal record Women's swimming Representing Great Britain Event 1st 2nd 3rd Olympic Games 0 2 0...
Tiger reserve in Rajasthan, India Mukundara Hills National ParkIUCN category II (national park)Map of IndiaShow map of RajasthanMukundara Hills National Park (India)Show map of IndiaLocationRajasthan, IndiaNearest cityKotaCoordinates24°52′05″N 75°51′22″E / 24.868°N 75.856°E / 24.868; 75.856[1]Area759.99 km2 (293.43 sq mi)Established2004 Mukundara Hills National Park is a national park in Rajasthan, India with an area of 759.99...
Singaporean association football club Football clubBalestier KhalsaFull nameBalestier Khalsa Football ClubNickname(s)Hala TigersFounded1898; 126 years ago (1898) as Fathul Karib 1975; 49 years ago (1975) as Balestier United Recreation Club 1996; 28 years ago (1996) as Balestier Central 2002; 22 years ago (2002) as Balestier KhalsaGroundToa Payoh StadiumCapacity3,800ChairmanS. ThavanesonManagerPeter de RooLeagueSingapore P...
جمعية الصواريخ الأمريكية البلد الولايات المتحدة تاريخ التأسيس 1930 المعهد الأمريكي للملاحة الجوية والفضائية تعديل مصدري - تعديل جمعية الصواريخ الأمريكية (بالإنجليزية:American Rocket Society) تأسست في 4 أبريل 1930، تحت اسم جمعية الكواكب الأمريكية.[1] المراجع ^ جمعية ...