Beit Shemesh eller Bet Shemesh (hebraisk בֵּית שֶׁמֶשׁ; gresk Βαιθσαμύς; latinskBethsames) er ein by som ligg kring 30 km vest for Jerusalem i Israel i Jerusalem distrikt. Han hadde 80 600 innbyggjarar i 2010.[2] Historia til Beit Shemesh går attende til før-bibelsk tid. Den moderne byen Beit Shemesh vart grunnlagd i 1950.
Historie
Antikken
Den antikke byen Beit Shemesh («solhuset» eller «soltempelet» på hebraisk) vart opphavleg namngjeven etter den kanaanittiske solgudinna Shemesh, som vart dyrka der i antikken. Ruinane av den gamle byen er framleis synleg på ein tell nær den moderne byen.[3]
Beit Shemesh er først nemnt i Josvas 15 (som Bet-Sjemesj på norsk) som ein by i området til Juda-stamma på grensa mellom territoriet deira og territoriet til Dan-stamma. Seinare i Josva 21 vert Beit Shemesh nemnt som ein stad som er sett til sides for prestane av Levi-stamma, kohanim. Byen er nemnt i kapittel 6 i Første Samuelsbok som den første byen som Paktas ark vart frakta til på veg attende frå Filistia etter å ha blitt stolen av filistrane i eit slag. I Andre kongebok er Beit Shemesh igjen nemnt som åstad for slaget mellom Amaziah konge av Judea og Jehoash konge av Israel.
Då Babylonia øydela Judea, vart vassverka i Beit Shemesh gøymd og tildekt, og ikkje funnen att før 2004. Så då jødane kom attende til området, i perioden kring Det andre tempelet, vart ikkje byen bygd opp att, slik mange andre stader i nærleiken vart, som Beit Guvrin, Maresha og andre. Småbyane Dayr Raban og Dayr Rafat nytta derfor stein frå denne byen til å bygge sine bygg. I nærleiken finst òg ein førhistorisk megalittisk sirkel, som truleg var knytt til gudsdyrkinga i Beit Shemesh.
Det er funne spor frå eit kloster og andre spor frå den bysantinske perioden.[4]
Moderne tid
Seint på 1800-talet vart staden nytta som bustad av lokale arbarar under innhaustinga.[5][6] Den vesle moskéen Abu Mizar låg der.[6]
Under den arabisk-israelske krigen i 1948 invaderte den egyptiske armeen området og sette opp ein militærpost på ein ås som seinare vart Beit Shemesh. Posten skifta hender fleire gonger under kampane.
I 1952 vart dei første permanente husa bygde i Beit Shemesh, etter at det hadde lege ein flyktningleir der sidan 1950. Byen vart ein typisk utviklingsby med stort sett nordafrikanske immigrantar som innbyggjarar.
↑Claudine Dauphin (1998). La Palestina byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III: Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress. s. 909.
↑C. R. Conder and H. H. Kitchener (1883). The Survey of Western PalestineIII. London: The Committee of the Palestina Exploration Fund. s. 60.
↑ 6,06,1M. V. Guérin (1869). Description géographique, historique et archéologique de la Palestina. Judée II. Paris. s. 18–22.