Distrikt i Israel![]() ![]() Det er seks administrative distrikt i Israel, på hebraisk kalla mehozot (מחוזות; eintal: mahoz) og arabisk mintaqah og femten underdistrikt kalla nafot (נפות; eintal: nafa). Kvart underdistrikt er vidare delt inn i naturlege regionar, som det finst 50 av. Tala i denne artikkelen er baser tpå tala frå Israelsk statistisk sentralbyrå og omfattar alle stader under israelsk sivilt styre, inkludert dei israelskokkuperte territoria der dette er tilfelle. Derfor er Golan underdistrikt og dei fire naturlege regionane ein del av tala på underdistrikt og naturlege regionar, sjølv om dette ikkje er anerkjent av Dei sameinte nasjonane eller det internasjonale samfunnet som israelsk territorium. Folketala under for Jerusalem distrikt inkluderer på same vis Aust-Jerusalem som vart annektert av Israel, noko som heller ikkje er anerkjent av Sn eller det internasjonale samfunnet. Judea- og Samariaområdet er derimot ikkje med i talet på distrikt og underdistrikt, sidan Israel ikkje har sivilt styre i denne delen av Vestbreidda. Jerusalem distriktJerusalem distrikt (Mehoz Yerushalayim). Folketal: 907 300 Administrativt senter: Jerusalem[1] Det nordlege distriktetDet nordlege distrikt (Mehoz HaTzafon). Folketal: 1 241 900 Administrativt senter: Nasaret
Haifa distriktHaifa distrikt (Mehoz Heifa). Folketal: 880 700 Administrativt senter: Haifa
Det sentrale distriktetDet sentrale distriktet (Mehoz HaMerkaz). Folketal: 1 770 000 Administrativt senter: Ramla
Tel Aviv distriktTel Aviv distrikt (Mehoz Tel Aviv). Folketal: 1 227 900 Administrativt senter: Tel Aviv Det sørlege distriktetDet sørlege distriktet (Mehoz HaDarom). Folketal: 1 201 200 Administrasjonssenter: Beersheba
Judea- og SamariaområdetJudea- og Samariaområdet (Ezor Yehuda VeShomron). Jødisk folketal: 327 750 Palestinsk folketal: kring 2,5 millionar Største jødiske og israelske by: Modi'in Illit Sjå ògKjelder
|