Judea er eit fjellendt område og delar av området vert rekna som ein ørken. Høgda varierer mykje, frå 1 020 moh. i sør ved Hebron-fjellet, 30 km sørvest for Jerusalem, og fell så mykje som til 400 meter under havnivå aust i regionen. Området får lite nedbør, frå kring 400–500 mm i dei vestlege åsane, til kring 600 mm kring Vest-Jerusalem (sentralt i Judea), og så attende til 400 mm i Aust-Jerusalem og berre kring 100 mm i austlege område på grunn av ein regnskugge. Dette tørraste området vert kalla Judeaørkenen. Klimaet varierer såleis mellom middelhavsklima i vest og ørkenklima i aust, medn ei smal stripe steppeklima i mellom.
Geografar deler Judea inn i fleire regionar: Hebronåsane, Jerusalemsadelen, Bethelåsane og Judeaørkenen aust for Jerusalem, som fell i fleire steg ned til Daudehavet. Åsane markerer seg med ein antiklin struktur. I antikken var desse åsane skogkledde, og i Bibelen er det skildra jordbruk og sauehald i området. Det er framleis dyr som beitar her, med gjetarar som flyttar dei opp til åstoppane om sommaren. Det jødiske opprøret mot romarane enda i at store område vart øydelagt på landsbygda i Judea.[6]