Ma'ale Efrayim (hebraisk skrift מַעֲלֵה אֶפְרַיִם, tyder Efraim-oppstiginga)[1] er ei sekulær israelsk busetjing og lokal kommune langs austsida av Samariafjella i Jordandalen på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart etablert i 1978. Folketalet er 1800.(2014) Ma'ale Efrayim vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Busetjinga ligg i Jeriko-provinsen, i Jordan-dalen. Avstanden til Jerusalem er 36 kilometer.
Kjelder
Fotnotar
- ↑ Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.302, ISBN 965-220-186-3 (engelsk)
Bakgrunnsstoff