Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Aix-en-Provence

Aix-en-Provence
by
Land  Frankrike
Region Provence-Alpes-Côte d'Azur
Departement Bouches-du-Rhône
Høgd 173 m
Areal 186,08 km²
Folketal 147 933 (1. januar 2022)
Grunnlagd 122 fvt.
Tidssone CET (UTC+1)
Kart
Aix-en-Provence
43°31′40″N 5°26′44″E / 43.527777777778°N 5.4455555555556°E / 43.527777777778; 5.4455555555556
Kart som viser Aix-en-Provence.
Kart som viser Aix-en-Provence.
Kart som viser Aix-en-Provence.
Wikimedia Commons: Aix-en-Provence

Aix-en-Provence eller berre Aix [eks] (oksitansk Ais de Provença eller Ais de Prouvènço) er ein universitetsby og kommune som ligg sør i Frankrike, om lag 25 km nord for Marseille.[1] Byen har i dag om lag 140 000 innbyggjarar, av dette ca. 30 000 studentar, og er sous-préfecture (administrasjonsstad) i departementet Bouches-du-Rhône i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur .

Historie

Måleri frå 1400-talet av kong René av Anjou og dronninga hans, Jeanne de Laval. Biletet heng no i Aix-en-Provence.

Byen vart grunnlagd i 122 f. Kr. ved ei varm vasskjelde av den romerske konsulen Sextius Calvinus, som kalla opp staden etter seg og vatnet, Aquae Sextiae.[2][3] På 300-talet hadde byen vekse til metropolen Narbonensis Secunda. I mellomalderen vart Aix hovudstaden i den tidlegare provinsen Provence. Størst var han først frå 1100-talet av, då han vart eit lærdoms- og kultursenter under husa av Aragon og Anjou.[2]

I lag med resten av Provence, gjekk byen Aix-en-Provence til den franske krona i 1487 og i 1501 oppretta Ludvig XII parlamentet i Provence, som eksisterte fram til den franske revolusjonen i 1789.

Geografi og klima

Aix-en-Provence ligg på ei slette, der ein kan sjå utover elva Arc, om lag ein kilometer får den høgre breidda til elva. Byen stig sakte oppover frå nord til sør, og Montagne Sainte-Victoire er lett synleg i aust. Aix ligg i Sør-Frankrike og har eit varmt klima. Middeltemperaturen i januar er 5 °C, og i juli 22 °C. Han har i snitt 300 dagar med sol, og berre 91 med regn. Byen ligg stort sett i le for den kalde mistralvinden, men stundom fører denne vinden til sure forhold.

Kjende folk frå Aix

Kjelder

  1. «Aix-en-Provence» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 Chisholm 1911, s. 447.
  3. « Histoire d'Aix » Arkivert 4. november 2013 ved Wayback Machine., site de l'office du tourisme d'Aix-en-Provence.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Aix-en-Provence
Kembali kehalaman sebelumnya