Rafah har ei historie som strekkjer seg fleire tusen år attende. Han vart først registrert på ein inskripsjon av den egyptiske faraoenSeti I, frå 1303 fvt. som Rph, og som den første stoppestaden under felttoget til farao Shoshenq I i Levanten i 925 fvt. I 720 fvt. var han åstad for sigeren til den assyriske kongen Sargon II over egyptarane, og i 217 fvt. vart slaget ved Raphia utkjempa mellom den sigrande Ptolemaios IV og Antiokhos III.[3]
Det var eit jødisk samfunn i byen på 800- og 900-talet og igjen på 1100-talet, men på 1000-talet var det i nedgang og 1080 flytta mange til Ashkelon. Det var òg eit samaritansk samfunn der ein periode. Som dei fleste byane sør i Palestina, hadde Rafah ei hamn ved kysten (no Tell Rafah), medan hovudbyen låg litt innafor. Under Austromarriket var han eit bispesete.[3]
I 1226 skreiv den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi at Rafah tidlegare var viktig for arabarane, og sa at han var «ein gamal, velståande by, med ein marknad, og ein moské, og herberge». Han skreiv vidare at han i dag var ein ruin og ein poststasjon for ajjubidane på vegen til Egypt etter den nærliggande Deir al‑Balah.[5]
Osmansk og egyptisk tid
Osmanske lister på 1500-talet syner at det då var ein liten landsby med 16 skattebetalarar.
Rafah låg på grensa mellom provinsane Egypt og Syria. I 1832 kom området under egyptisk okkupasjon, leia av Muhammad Ali, og varte fram til 1840.
Moderne tid
I 1917 erobra den britiske hæren Rafah, og nytta han som base for åtaket mot Gaza. Då militærbasen deira vart oppretta, førte dei økonomiske fordelane til at folk byrja å flytte attende hit, og i 1922 hadde han 600 innbyggjarar. I 1948 hadde dette stige til 2 500.
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart det oppretta flyktningleirar. I krigen i 1956 med Israel, Storbritannia, Frankrike og Egypt, vart 111 menneske, inkludert 103 flyktningar, drepne av det israelske forsvaret i den palestinsk flyktningleiren i Rafah, under Rafah-massakren. Dei sameinte nasjonane klarte ikkje å finne omstenda til desse drapa.[7][8]
Den norske FN-soldaten Anbjørn Ingolf Gjedrem frå Bjerkreim vart drepen berre 20 år gamal av bajonettstikk 15. desember 1957 av ukjende inntrengjarar i Rafah-leiren, der han tenestegjorde for DANOR III-bataljonen til UNEF.[9] På FN-dagen i 1994 vart ein minnebauta for Gjedrem avduka i FN-parken på Vikeså i Bjerkreim. Han var den første norske FN-soldaten som omkom i teneste.[10]
Sommaren 1971, øydela det israelske forsvaret, under general Ariel Sharon kring 500 hus i Rafah flyktningleir for å skape patruljevegar for dei israelske styrkane. Dette tvang nesten 4000 innbyggjarar til å flytte.[11] Israel oppretta bustadprosjekta Brasil og Canada for å huse dei forflytta palestinarane, og for å gje dei betre tilhøve i håp om å integrere flyktningane med den generelle folkesetnaden og betre levestandarden deira.[12] Brasil ligg like sør for Rafah, medan Canada låg like nord for grensa i Sinai. Begge fekk desse namna fordi fredsbevarande styrkar frå SN frå desse landa hadde hatt forlegning her. Etter Camp David-avtalane i 1978, måtte innbyggjarane i Canada flytte attende til Gazastripa, til Tel al-Sultan, nordvest for Rafah.[13]
Med Camp David-avtalane, trekte Israel seg attende frå Sinaihalvøya og Rafah vart delt, med ein del på den egyptiske sida av grensa under egyptisk styre. For å takle delinga av byen, oppretta smuglarar tunnelar under grensa, slik at dei kunne frakte smuglarvarer og personar mellom dei to delane av byen.[14]
Rafah-overgangen
Rafah-overgangen er den viktigaste grenseovergangen mellom Gazastripa og Egypt. Tidlegare vart han driven av israelske militærstyrkar, før Den palestinske sjølvstyresmakta tok over kontrollen i september 2005, då Israel trekte seg ut av Gazastripa. EU byrja samstundes å overvake overgangen etter israelarane var uroa for tryggleiken. På den egyptiske sida har 750 grensevakter ansvaret for grensa, etter ein avtale mellom Egypt og Israel.