I følgje ei segn var Beit Hanoun hovudstaden i til filistinar-kongen Hanoun, som kjempa mot assyrarane på 700-talet fvt.
Ajjubidane slo krossfararane i slaget ved Umm al-Nasser-åsen, like ved for Beit Hanoun i 1239, og bygde Umm al-Naser-moskeen (Mor til dei sigrande-moskeen) der til minne om sigeren.[3] Det låg eit postkontor i Beit Hanoun under mamelukkane.[4]
Osmansk tid
Byen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og stod oppført i 1596 i skattelister som ein del av Gaza nahiya i Gazzaliwa. Han hadde eit folketal på 36 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter and/ eller bikubar.[5]
Seint i osmansk tid, i mai 1863, vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen. Mellom hagane fann han eldgamle konstruksjonar i form av tilhogde steinar, fragment av søyler og fundament.[7]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som ein «liten leirsteinslandsby, omgjeve av hagar, med ein brunn i vest. Lendet er flatt og i aust ligg ein dam ved sidan av vegen.»[8]
Det britiske mandatet
I folketeljinga i 1922 hadde Beit Hanoun eit folketal på 885, alle muslimar,[9] medan han i folketeljinga i 1931 hadde eit folketal på 849, framleis alle muslimar, i 194 hus.[10]
I 1945 hadde Beit Hanun eit folketal på 1 680 arabarar og 50 jødar, med 20 025 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 2 768 mål for sitrus og bananar, 697 var plantasjar og irrigert land, 13 186 nytta for korn,[12] medan 59 mål vart utbygd land.[13]
Egyptisk periode
Under den arabisk-israelske krigen i 1948 tente eit område i nærleiken av Beit Hanoun, og sidan sjølve Beit Hanoun, som ein israelsk, taktisk veg inn for å stoppe framrykkinga til den egyptiske hæren frå Ashkelon til styrkar sørover i området som seinare vart Gazastripa.
Medan området var under egyptisk styresmakter, klaga Egypt til Mixed Armistice Commission om at israelske militærstyrkar den 7. og 14. oktober 1950 hadde bomba og skote mot dei arabiske landsbyane Abasan al-Kabera og Beit Hanoun i egyptisk kontrollert område på Gazastripa. Dette førte til at sju sivile omkom, medan tjue vart skadde.[14]
Israelsk okkupasjon
Den israelske hæren kringsette Beit Hanoun frå 15. mai til 30. juni 2003, og øydela mange hus, raserte store område med jordbruksland og øydela den sivile infrastrukturen i byen.[15] Under raidet mot Beit Hanoun i 2004 vart byen kringsett i 37 dagar. Kring 20 palestinarar vart drepne og igjen vart det store skadar på eigedom og infrastruktur. Infrastrukturen i Beit Hanoun vart igjen kraftig råka under eit åtak frå israelske styrkar i 2005.[16]
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN3-920405-41-2.
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 45
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 86
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 136
↑UN Doc S/1459 of 20. februar 1950 Report of the Mixed Armistice Commission