Andørja (nordsamisk Áttir) er ei øy med flatevidde på ca 136 kvadratkilometer i Ibestad kommune i Troms. Øya er Nord-Europas fjellrikaste øy.[1] Øya er også karakteristisk på grunn av ein 8 km lang fjord, Straumbotn, som omtrent deler ho i to. Det høgaste fjellet er Langlitinden, 1277 moh. Andørja var tidlegare ein eigen kommune.
Samferdsle
Øya har fastlandssamband til Salangen kommune over Mjøsundet via Mjøsundbrua, Ibestadtunnelen går mellom Andørja og Rolla.
Kommunesoge
Andørja var frå 1837 ein del av Ibestad formannskapsdistrikt. I 1926 vart Andørja, Astafjord og Gratangen utskilde frå Ibestad som eigne kommunar. Andørja hadde då 1 420 innbyggjarar.[2]
1. januar 1964 vart Andørja og Rolløya i Skånland slegne saman til Ibestad kommune. Andørja kommune hadde på det tidspunktet eit folketal på 1 330.[2] I dag bur det om lag 650 menneske på øya.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for tidlegare Andørja kommune frå 1930 til 1964:
1.12.1930[3]
|
3.12.1946[3]
|
1.1.1951[4]
|
1.1.1961[4]
|
1.1.1964[2]
|
1420
|
1465
|
1393
|
1330
|
1330
|
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Fotnotar
- ↑ http://www.ibestad.kommune.no/nord-europas-mest-fjellrike-oey-andoerja.5081718-264368.html
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 Folkemengd i Andørja 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå