Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark ligg på Svalbard og omfatter Moffen, Albert I Land og Haakon VII Land. Nasjonalparken vart oppretta ved kongeleg resolusjon den 1. juni 1973 og inneheld mellom anna varme kjelder og vulkanrestar i Bockfjorden.
Nasjonalparken har talrike koloniar av sjøfugl, i tillegg til svalbardrein og polarrev. Det er òg eit hiområde for isbjørn. Kvalross finst her òg. Det finst òg restar etter kvalfangststasjonar og graver frå 1600-talet, til dømes Smeerenburg. I tillegg finst restar etter fleire arktiske ekspedisjonar, mellom anna i Virgohamna. Den svenske ingeniøren Andrée gjorde eit forsøkt på å nå Nordpolen med ein hydrogenballong i 1897. Andrée hadde Virgohamna som base.
Kjelder
Bakgrunnsstoff