Folgefonna nasjonalpark er ein nasjonalpark prega av den tredje største isbreen i Noreg. Baroniet i Rosendal ligg like utanfor nasjonalparken. Slottet er frå 1600-talet og har vore freda sidan 1920-åra. Dette er det einaste baroniet Noreg har hatt, og bygningane med den vakre, kringliggjande rosehagen er i dag ein av Noregs aller største turistattraksjonar.
ta vare på eit stort og tilnærma urørt naturområde, som sikrar heilskapen og variasjonen i naturen frå låglandet til høgareliggjande område med fjell og bre
ta vare på verdfull vassdragsnatur
sikre det biologiske mangfaldet med økosystem, artar og bestandar
sikre viktige geologiske førekomstar
sikre verdfulle kulturminne.
Ålmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging.