Det nordsamiske namnet Báhčaveaji Álbmotmeahcci er òg eit offisielt namn på nasjonalparken.
Vern og bruk
Formålet med vernet er å sikre eit stort, samanhengande barskogområde nært fritt for tekniske inngrep, og å sikre biologisk mangfald med økosystem, artar og bestandar.
Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift, naturoppleving og tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.