Raet nasjonalpark er ein nasjonalpark i kommunane Arendal, Tvedestrand og Grimstad i Agder fylke. Parken vart oppretta 16.desember 2016 for å verne eit stort naturområde i sjø og på land.[1] Området består av eit variert kystlandskap og interessante økosystem med stort artsmangfald og godt bevarte kvartærgeologiske lokalitetar med stor naturhistorisk verdi.
Nasjonalparken utgjer om lag 607 km², derav 599 km² i sjø. Han strekker seg frå Lyngør i Tvedestrand kommune i nordaust til Valøyene i Grimstad kommune i sørvest. I Arendal omfattar nasjonalparken heile kyststripa til kommunen, og mesteparten av landarealet i nasjonalparken ligg her på øyane Tromøy og Merdø.