Dette er den største nasjonalparken i Noreg, og parken har eit særleg verdifullt høgfjellsområde. Den norske turistforening har i alt 26 hytter på og i nærleiken av nasjonalparken. Området er tilhaldsstad for dei største villreinflokkane i Europa, og den sørlegaste utposten for fjellrev, snøugle og mange andre arktiske artar. Hardengerviddas høgste punkt er Sandfloeggi som er 1721 moh.
Føremålet med Hardangervidda nasjonalpark er å verne ein del av eit særleg verdfullt høgfjellsområde på ein slik måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og kulturmiljøet elles vert bevart, samstundes som området skal kunne nyttast for landbruk, naturvenleg friluftsliv og naturoppleving, jakt og fiske og undervisning og forsking.
Bruk av nasjonalparken
Grunneigarar og andre rettshavarar har eigedomsrett og bruksrett i nasjonalparken, og kan nytte rettane i den grad det ikkje kjem i strid med verneformålet. Det same gjeld bruk av allmenningsrettar etter fjellova.
Hardangervidda er populær til både turgåing, jakt og fiske. Motorferdsle er strengt regulert, men forvaltningen kan gje løyve til motorferdsle til turisthytter i området og til landbruk, garnfiske og storviltjakt.