Forlandet nasjonalpark ligg på Svalbard. Parken vart oppretta ved forskrift av 1. juni1973 med endringar i 2002 og dekker heile øya Prins Karls Forland og sjøområda omkring. Nasjonalparken har et landareal på 616 km² og et marint areal på 4031 km².
Formålet med fredningen er å ta vare på ei øy med eit stort, samanhengande og i det vesentlegste urørt naturområde, mellom anna med ein karakteristisk fjellrekke med spisse (alpine) fjell og ei stor strandslette. Forlandet har òg sjøfugl, fuglefjell og eit kjerneområde for den nordlegaste steinkobbebestanden i verda.