Rotorua er ein by som ligg ved sørbreidda til Rotorua-sjøen i Bay of Plenty på Nordøya på New Zealand. Rotorua District omfattar byen og området kring han. Byen har eit folketal på 55 600, distriktet 68 000.[3] Han ligg 60 km sør for Tauranga, 105 km søraust for Hamilton og 82 km nordaust for Taupo. Distriktet er delt mellom regionane Bay of Plenty (61,52 %) og Waikato (38,48 %).
Rotorua er kjend for geotermisk aktivitet. Der finst ei rekkje geysirar, den mest kjende er Pohutu geysir i Whakarewarewa, og her er varme mudderdammar i byen som skuldast deira nærleik og samband med Rotorua-kalderaen. Rotorua vann prisen som «New Zealand's Most Beautiful City» ('den vakraste byen på New Zealand') i 2002 og 2006.[4]
Namnet Rotorua er avleidd frå maori, det fulle namnet er Te Rotorua-nui-a-Kahumatamomoe. Roto tyder 'sjø' og rua 'to' — Rotorua kan såleis tyda 'den andre sjøen'. Kahumatamomoe var onkel til māorihøvdingen Ihenga, den historiske oppdagaren frå Te Arawa-iwien.[6] Det var den andre større innsjøen høvdingen oppdaga, og han tileigna han til onkelen. Sjøen er den største av fleire innsjøar som ligg nordaust for byen, og som alle har samband med Rotorua-kalderaen og det nærliggjande Mount Tarawera. Namnet kan då også tyda det like høvelege 'kratersjø'.[6]
Fleire trefningar fann stad ved strandområda ved byen under New Zealand-krigane på 1860-talet. Eit «spesialbydistrikt» (special town district) vart oppretta i 1883, for å fremja Rotorua som kurbadstad. Byen fekk samband med Auckland gjennom opninga av jarnvegen i 1894, dette førte med seg ein snøgg vokster av byen og turismen framover frå den tid. Rotorua vart ein borough i 1922 og fekk bystatus i 1962 før han vart eit distrikt i 1979.
Geotermisk aktivitet ligg til grunn for mykje av tilstrøyminga av turistar til Rotorua. Geysirar og boblande gjørmepyttar, varme kjelder og «den gravlagde byen» (the Buried Village) (Te Wairoa) — som fekk namnet etter at han vart overfløymd under utbrotet frå Mount Tarawera i 1886 — ligg lett tilgjengelege frå byen.
Kuirau Park, som ligg vest for bysenteret, er også karakteristisk, der varme, boblande gjørmedammar ligg tett i tett og skaper eit spesielt landskap der folk kan vaska føtene sine i varme kjelder.
Rotorua har fått tilnamnet «Svovelbyen» (Sulphur City) på grunn av den før nemnde termiske aktiviteten. Svoveldampane sørgjer for ein karakteristisk lukt som kan kjennast langt frå byen.
Busetnad
Forstadar til, og mindre busetnadar kring Rotorua er Ngongotaha, Fairy Springs, Selwyn Heights, Kawaha Point, Western Heights, Pukehangi, Pleasant Heights, Mangakakahi, Sunnybrook, Pomare, Utuhina, Ohinemutu, Koutu, Hillcrest, Matipo Heights, Glenholme, Fordlands, Springfield, Rotorua West, Fenton Park, Whakarewarewa, Waipa Village, Tihiotonga, Ngapuna, Lynmore, Te Ngae, Owhata, Hannahs Bay, Holdens Bay og Rotokawa.
Innsjøar
Med dei 17 innsjøane sine er Rotoruaområdet eit akvatisk paradis. Fiske, vass-ski, symjing og andre aktivitetar i tilknyting til vatn er populært om sommaren. Sjøane står også for store tilskipingar, Rotorua skipa i 2007 til verdsmeisterkapen i vass-skisport. Lake Rotorua vert også brukt som start- og landingsplass for sjøfly.
Andre aktivitetar
Rotorua byr på botaniske hagar og interessant historisk arkitektur. Byen har vore kjend for sine spa og som ein viktig turistby sidan 1800-talet, og mange av bygningane der viser til denne historia. Government Gardens, nær stranda i austkanten av byen er det særleg verdt å nemna.
Ein annan attraksjon i Rotorua er mountain biking. Whakarewarewa (også kjend som «Redwoods») Forest har vore omtala som «Disneyland for mountain biking», og har nokre av dei beste mountain bike-banane på New Zealand. Rotorua var tilskipar for verdsmeisterskapet i mountain bike (UCI Mountain Bike and Trials World Championships), i august 2006.