Distriktet grensar i nord til Auckland og den naturlege hamnaManukau Harbour. Awhituhalvøya strekkjer seg oppetter Tasmankysten til munningen av denne hamna. Her ligg fleire ferie- og fritidsstader, som Kariotahi Beach og Matakawau.
Ein kommisjon(Royal Commission of Inquiry into Restructuring Auckland's Councils) arbeider med eit framlegg om å omstrukturera lokalstyra i regionen Aucland. Dette kan føra til at alle sju distrikta i regionen vert slegne saman. Dersom framlegget vert vedteke, kan det òg få følgjer for Franklin, som er ein del av båe regionane, Auckland og Waikato.