Whangarei er det største bymessige (urbane) området i regionenNorthland på Nordøya på New Zealand. Inntil 1989 vart staden omtala som ein by, men vert no styrt av Whangarei District Council [1]. Distriktet omfattar både Whangarei og dei nærliggjande områda. Trass i dette, vert Whangarei stort sett sett på som ein by, og vert derfor omtala som den nordlegaste byen på New Zealand.
Whangareidistriktet omfattar landsbyenHikurangi og forstadane Kamo, Tikipunga, Whau Valley, Otangarei, Kensington, Regent, Maunu, Morningside, Raumanga, og Onerahi. I tillegg til desse kjem det store landlege område som strendene Ngunguru, sportsfiskesenteret Tutukaka, og mange andre langs kystlinja til Whangarei.