I maoritradisjon vert det fortalt at Turi førte folket sitt, som var kome med Aotea wakaen (kanoen), gjennom landet frå Kawhia til Patea, medan dei som kom med Kurahaupo waka reiste frå landingsstaden sin ved Orakei til Taranaki.
Folk i iwienNgā Rauru, meiner bestemt at Kahui Rere ein māoristamme som vandra inn frå East Cape, alt heldt til på staden då dei kom fram. Ngā Rauru voks seinare fram som ei samansmelting av desse to gruppene[3].
Då europearane kom til Aotearoa, hadde maoriar halde til i dette området i fleire hundre år, rydda kyststripa til dyrkingsjord, men late innlandet stå att, stort sett urørt. Kristne misjonærar nådde fram tidleg i 1840-åra, og i 1860-åra tok den europeiske busetjinga til for fullt.
Næringsvegar
Hovudnæringsvegen i distriktet er landbruk, og særleg mjølkeproduksjon er viktig. Elles er distriktet eit populært mål for turistar og andre tilreisande, og byen Opunake byr på dei beste tilhøva for surfing i regionen.