Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i distriktet 3 730, ein auke frå 3,3 % frå 2001, og utgjorde 0,4 % av innbyggjarane i Canterbury.[1] Byen er administrasjonssenter i distriktetKaikoura District, som administrativt er ein del av regionenCanterbury. Distriktet har eit areal på 2 046,41 km².
Kaikoura Peninsula strekkjer seg ut i sjøen sør for byen, og dei oppstigande sjøstraumane her fører med seg ei overflod av marint liv frå det nærliggjande havdjupet Hikurangi Trench. Byen skuldar grunnlegginga si denne effekten, sidan han vart grunnlagd som eit senter for kvalfangstindustri. Namnet Kaikoura kan omsetjast med «måltid av sjøkreps» ('kai'= mat/måltid, 'koura' = kreps) og fangst av kreps spelar enno ei rolle i økonomien til regionen. Elles har Kaikoura no vorte ein populær turiststad, mest kjend for kvalsafari (Spermkvalsafariar er her kanskje best utvikla i heile verda) og symjing nær eller saman med delfinar. Det er også ein stor og lett synleg koloni av Newzealandsk pelssel(Arctocephalus forsteri) ved den austlege grensa til byen.
Staden er kanskje også ein av dei lettast tilgjengelege stadane i verda der ein kan sjå sjøfuglar som albatrossar, petrellar og lirer, inkludert maorilire som hekkar høgt oppe i fjella ved Kaikoura.[3]
Byen ligg vakkert til under Seaward Kaikoura mountains, ei grein av Søralpane som kjem nær sjøen på denne delen av kysten. Dette har gjort at det er lagt opp fleire ruter for fotturar opp til og over fjella. Ei av dei mest brukte rutene går opp til toppen av Mount Fyffe, der ein har panoramautsikt over Kaikourahalvøya.
Mount Fyffe har fått namn etter den første familien som slo seg ned i Kaikoura, Fyffe-familien. Hytta dei busette seg i vart bygd i 1842, står enno, og er ein turistattraksjon driven av New Zealand Historic Places Trust. Konstruksjonen av hytta er uvanleg på den måten at reisverket er gjort av kvalbardar.[4]
Kaikoura ligg ved State Highway 1. Byen har også ei lita flystripe med fast dekke seks km sør for bysentrum. Flystripa er for ein stor del nytta av turistflygingar på kvalsafari, og kan også nyttast av små privatfly og charter-flygingar. To gonger i veka er det flyrute til og frå Wellington.
Jarnveg
Main North Line på New Zealand, den nordlege delen av South Island Main Trunk Railway, går gjennom Kaikoura. På grunn av det kuperte terrenget nord og sør for byen vart jarnvegen først opna 15. desember1945, sytti år etter at linja frå først av var planlagd.
Frå Kaikoura er det fjerntog som bind saman byen med Christchurch i sør, og Picton og ferjene over Cooksundet i nord. Kaikoura stasjon var den siste jarnvegsstasjonen på New Zealand som hadde servering for passasjerar. Denne vart lagt ned i 1988 då ekspresstoga starta med servering om bord.
Det går òg godstog gjennom byen. Dei fraktar gods mellom skiftetomtene ved Middleton i Christchurch og jarnvegsferjene i Picton.