Waikato District ligg i den nordlege delen av regionen Waikato på Nordøya på New Zealand . Distriktet er administrert av Waikato District Council, med sete i Ngaruawahia .
Distriktet ligg nord og vest for byen Hamilton , og omfattar mykje av den nordlege delen av slettelandskapet Waikato Plains , og også høgdedraga Hakarimata ved kysten. I den nordlege delen av distriktet ligg sumplandskapet inntil Waikatoelva , og fleire mindre innsjøar , den største av desse er Waikaresjøen .
Utanom Ngaruawahia er dei viktigaste sentera i distriktet Huntly , Raglan og Te Kauwhata . Hovudnæringsvegane i distriktet er mjølkeproduksjon , skogbruk og kolgruvedrift . Der er eit større kolfyrt kraftverk ved Huntly. Te Kauwhata ligg i sentrum av eit større vindistrikt .
Distriktet hadde eit folketal på 43 959 ved folketeljinga i 2006. Av desse budde 6834 i Huntly, 5106 i Ngaruawahia, 2637 i Raglan og 1294 i Te Kauwhata.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Byar (Cities) Nordøya Sørøya Territorium, autonome område og biland ¹
Sameint styresmakt . ²
Sjølvstyre, i fri assosiasjon med New Zealand. ³
Antarktisk biland, administrert av New Zealand.