Distriktet hadde eit folketal på 13 221 ved folketeljinga i 2006, der åtte prosent var maoriar. Av innbyggjarane budde 3600 i Greymouth, 1221 i Runanga, 1707 i Cobden og 330 i Blackball. Om lag 95 % av innbyggjarane er av europeisk avstamming (i følgje folketeljinga i 2001), slik at Grey District har ei svært homogen etnisk samansetjing av innbyggjarane sine. Førti prosent av innbyggjarane hadde inga vidareutdanning i 2001, samanlikna med om lag 27 % på New Zealand sett under eitt.[3]
Infrastruktur
Det er 619 km vegar i distriktet, av desse har 358 km fast dekke (data frå 2000)[3].