Ved folketeljinga i New Zealand i 2005 var det 157 110 som oppgav at dei kunne ha ein kvardagsleg samtale på maori.[1]
Status
Maori er offisielt språk på New Zealand saman med engelsk og newzealandsk teiknspråk.[2] Det fekk offisiell status i 1987 med Maori Language Act 1987. Dei fleste offentlege departement og etatar på New Zealand har tospråklege namn, og New Zealand Post bruker både engelske og maoriske stadnamn i adressar. Maoritalande har rett til å kommunisera med offentlege etatar på maori, men i praksis krev dette som regel bruk av tolk.