Tahitisk
Tahitisk er eit polynesisk språk som blir snakka i det franske territoriet Fransk Polynesia i Stillehavet. Språket blir hovudsakleg tala på Selskapsøyane, mellom anna Tahiti. Saman med fransk er det offisielt språk i Fransk Polynesia. Ved folketeljinga i 2007 oppgav 46 577 tahitisk som hovudspråk heime.[1] Ved folketeljinga i 1977 blei det teld 124 262 takarar.[2] SlektskapTahitisk er nært i slekt med andre innfødde språk i Fransk Polynesia (marquesisk, mangarevansk og tuamotuisk) og språk på Australøyane. Det er også i slekt med ratotongisk, maori og hawaiisk, og fjernt med malayisk, tagalog og gassisk. SkriftspråkEit skriftspråk for tahitisk blei først utvikla rundt 1800, då den europeiske misjonæren Henry Nott frå skipet «Duff» samarbeidde med kong Pōmare II om å omsetja Bibelen til tahitisk. Ein nytta 5 vokalar og 9 konsonantar for å skriva språket, og dette danna utgangspunkt for tahitisk rettskriving. Alfabet
![]() Tahitisk i kunstKunstnaren Paul Gauguin brukkte tahitisk som namn på fleire måleri, som I Raro te Oviri ('Under pandanustreet'), Manao Tupapau ('Sett av daude ander'), Te arii vahine ('Kona til kongen'), Hina tefatou ('Månen og jorda') og så bortetter. Han skreiv også inn tahitiske tekstar på mange av bileta sine, Kjelder
|