Tongansk er eit austronesisk språk som blir snakka på Tonga, der det er eit offisielt språk saman med engelsk. Det blir snakka av rundt 100 000 menneske.
Tongansk høyrer til den polynesiske gruppa av språk i den austronesiske språkfamilien, i same gruppe som blant anna hawaiisk, maorisk, samoansk og tahitisk. Tongansk dannar saman med niuisk den tonganske språkgruppa.
Rettskriving
Tongansk blir skrive med det latinske alfabetet, men til tonganske ord blir det berre brukt 16 bokstavar (inkludert digrafen ng). Dagens rettskriving er frå 1943.
Grammatikk
Tongansk har ein typisk polynesisk grammatikk, og er eit isolerande språk. Pronomensystemet er rikt, og inneheld ein opposisjon mellom inklusiv (viinkl = eg, du og kanskje andre) og eksklusiv (viekskl = eg, andre, men ikkje du) førsteperson.
Syntaks
Tongansk er eit VSO-språk.
Referansar
- ↑ Ethnologues tal frå 1998