Liege & Lief er det fjerde albumet til den engelske folkrockgruppaFairport Convention og kom ut i 1969. Albumet består av tradisjonelle songar og melodiar, i lag med originale songar skriven i same stil. Instrumenta er ei blanding av akustiske og elektriske instrument og Sandy Denny syng solovokal på dei fleste songane. Albumet vart særs viktig og gjorde mykje får å etablere britisk folkrock som ein eigen sjanger.[5][6]
Historie
Etter at ei bilulukke hadde teke livet av Martin Lamble, stod bandet utan trommeslagar. Etter at Unhalfbricking kom ut, tok Dave Mattacks over, og etter å ha tidlegare spelt med Mecca Ballrooms, måtte han «lære seg ein heilt ny trommestil»[7]Dave Swarbrick, som var noko eldre enn resten av bandet, hadde alt spelt i ein suksessfull duett med gitarist Martin Carthy. Etter at han deltok på Unhalfbricking vart han fulltidsmedlem av Fairport.
Bandet byrja å øve og sette i saman Liege & Lief i løpet av sommaren 1969 i eit hus i Farley Chamberlayne, nær Winchester. Albumet vart lansert med ein utseld konsert i Royal Festival Hall i London seint i 1969.
Borte var songane av Bob Dylan og andre musikarar, og desse var erstatta av elektriske versjonar av tradisjonelle engelske folkeviser go den første av ei lang rekkje instrumentale medleyar av folkedansmelodiar driven av fiolinen til Dave Swarbrick. Dei fleste av songane var henta til bandet av Ashley Hutchings frå samlinga til Cecil Sharp, som ein fann i English Folk Dance and Song Society.
Tittelen består av dei middelengelske orda liege som tyder «lojal»[8] og lief som tyder «klar».[5][9] Plateomslaget var i grått og rosa, og består av ei skisse av bandet.
I 2007 kom det doble Liege and Lief Deluxe Edition ut. Den andre plata bestod hovudsakleg av konsertopptak frå BBC og to stilmessige ukarakteristiske unytta songar, Frank Sinatra-songane «The Lady Is a Tramp» og «Fly Me to the Moon».[10]
Mottaking og påverknad
Liege & Lief vart promotert av John Peel på radioprogrammet hans Top Gear[11] og albumet låg femten veker på den britiske albumlista, med 17. plass som høgaste plassering.[12]
Kritikaren til AllMusic oppsummerte albumet med «sjølv om det var det mest folk-orienterte albumet til Fairport Convention til då, så rocka det òg hardt på ein gjennomført original og kompromisslaus måte».
Albumet fekk stor innverknad på utviklinga av britisk folkrock. Det vart stemnd fram som «det viktigaste folkemusikkalbumet gjennom tidene» av lyttarane på BBC Radio 2 i 2002, og i 2006 vann det prisen som viktigaste folkemusikkalbum gjennom tidene på same kanal. For denne hendinga møtte dei originale medlemmene Simon Nicol, Richard Thompson, Ashley Hutchings, Dave Swarbrick, Dave Mattacks, med Chris While for Sandy Denny, for å spele «Matty Groves». Georgia Lucas, dottera til Sandy Denny og Trevor Lucas, tok imot prisen på vegner av den avdøde mora. 10. august 2007 spelte badnet heile albumet under Cropredyfestivalen.
I juni 2007 sette Mojo albumet på 58. plass på lista deira over «100 plater som endra verda».[13]
↑dette er musikken til Child Ballad 100 Willie o Winsbury med ny tekst eller kanskje Fause Foodrage - Child #89 - melodien vartn ytta av Andy Irvine for hans opplesing av Willie O' Winsbury. Penney, Stuart; Savage, Chris (November, 1996). «Strike Me Pink!». Record Collector (207): 129.|access-date= requires |url= (hjelp)