Judith Aileen Dyble, betre kjend som Judy Dyble, (13. februar1949–12. juli2020) var ein prisvinnande britisk songar og låtskrivar som var mest kjend for å ha vore med på å starte Fairport Convention. Ho er ofte vorte omtalt som ein folkrock-artist, sjølv om ho faktisk aldri gjorde innspelingar innan denne sjangeren med bandet. Ho spelte òg i Trader Horne, og var ei kort stund med i starten av King Crimson. I tillegg arbeidde ho stundom på ei solokarriere og i 2009 gav ho ut det prisvinnande albumet Talking with Strangers.
Etter Fairport Convention, vart Dyble (i lag med den dåverande kjærasten Ian McDonald) med i det engelske popbandet Giles, Giles and Fripp[1] ved å sette inn ei annonse i Melody Maker.[2] Bandet, utan Dyble, utvikla seg etter kvart til det progressive rockebandet King Crimson.