Fairport's Cropredy Convention (tidlegare Cropredy Festival) er ein årleg festival for folkemusikk og rockemusikk i utkanten av landsbyen Cropredy i Oxfordshire i England. Han har funne stad sidan august 1976.
Fairport's Cropredy Convention har eit publikum på om lag 20 000 kvar år, og er den største årlege festivalen av sitt slag i Storbritannia. Festivalen har ein enkel scene i botn av ein slak bakke.
Festivalen byrja som små private konsertar for dei lokale innbyggjarane av folkrockbandet Fairport Convention i juli 1976. Festivalen vart viktig i historia til bandet, då dei heldt farvellkonserten sin her i 1979 for kring 4500 folk. Bandet lovde å kome attende kvart år, og frå den tid har festivalen vorte nytta for årlege gjenforeiningskonsertar med bandet, der både nye og gamle bandmedlemmer deltar på scenen.[1]
I 1990-åra vart festivalen utvida til to dagar, og frå 2000 har det vore tre dagar. Festivalen finn som regel stad den andre veka i august. Det er framleis medlemmar av Fairport som orgeliserer konserten, og bandet sjølv held avslutningskonserten, som vanlegvis varer over tre timar.