Farewell, Farewell er eit konsertalbum frå avslutningsturneen til bandet i 1979. Det vart det siste Fairport-albumet med felespelaren og mandolinisten Dave Swarbrick. Songane er henta frå tre konsertar våren 1979, ved Birmingham University, Southampton University og Derby Assembly Rooms. Dei fleste songane er kjende songar frå tidlegare album.
I 1997 for å markere 30-årsjubileet til Fairport Convention vart albumet nymastra og gjeve ut på nytt som «Encore Encore». Denne utgåva inneheldt singelen «Rubber Band» frå 1980, samt tre andre songar spelt inn under turneen i 1979: «The Hens March Through the Midden/Four Poster Bed», «Flatback Caper» og «Dirty Linen».