Rising for the Moon er det tiande albumet til det britiske folkrockbandetFairport Convention. Det nådde 52. plass på den britiske albumlista og var det siste Fairport-albumet med Sandy Denny.
I denne perioden vart bandet av tilhengjarane stundom kalla «Fotheringay Convention» og «Fotheringport Confusion»[2] sidan kjernen i Fotheringay (Denny, ektemannen hennar Trevor Lucas og Jerry Donahue) alle var med i bandet (i lag med Dave Pegg, Dave Mattacks og Dave Swarbrick). Lucas frå Australia og amerikanaren Donahue vart med Pegg, Swarbrick og trommeslagar Dave Mattacks i 1973 for innspelinga av albumet Rosie.[3] Denny reiste med bandet då dei turnerte i 1974 og starta å synge med dei på scenen.[4]
Dette var det første Fairport Convention utan John Wood som produsent,[5] og det einaste utan tradisjonelle songar.[6] Med fleire solide songar på lager, gjekk dei i studio. Sjølv om songane framleis var basert i folkrock, førte produsent Glyn Johns med seg ein meir polert og pop-aktig lyd til innspelinga.[5][6] Mattacks forlet halvvegs under innspelinga og vart erstatta av trommeslagar Bruce Rowland.[5]
Dette var det siste Fairport-albumet som gjekk inn på den britiske albumlista før Red & Gold i 1989. Albumet nådde 52. plass på lista og låg der berre ei veke.[7] Bandet (og særleg Denny) håpte på at Rising For The Moon endeleg skulle verte gjennombrotsalbumet deira, men uheldigvis vart det aldri så populært og i desember 1975, etter å ha turnert med albumet, forlet Donahue bandet, etterfølgd av Denny og Lucas kort tid etter.[6][8] Pegg, Swarbrick og Rowland heldt fram i bandet og nytta erstattarar før dei klarte å overtale Simon Nicol om å kome attende.[9]