Like an Old Fashioned Waltz er det tredje soloalbumet til den engelske folkrockartistenSandy Denny og kom ut i juni 1974.[1] Det var det første albumet hennar utan påverknaden frå folkemusikken ein hadde sett på alle albuma hennar så langt. Dette delte tilhengjarane hennar frå dei som føretrekte det tradisjonelle elementet på dei tidlegare albuma og dei som følgde utviklinga hennar som låtskrivar og songar. Etter at det førre albumet hennar, Sandy ikkje hadde vorte den store suksessen ein håpa på, bestemde ho seg for å satse på eit nytt publikum.[3] Albumet var det mest personlege frå Denny så langt med songar om tap, einsemd, mørkeredsle, tida som går og årstidene.[4] Albumet var i følgje kritikarane berre skjemd av to coverversjonar av jazzstandardar ho hugsa frå samlinga til faren, «Whispering Grass» og «Until The Real Thing Comes Along». Opningssporet på albumet, «Solo» vert generelt rekna som ein av dei finaste songane i karrieren hennar. Harry Robinson lagde strykearrangement til alle soloalbuma til Denny, men var meir framme i lydbiletet på Like an Old Fashioned Waltz.
Ho byrja å arbeide på dette albumet, medan ho framleis turnerte med det førre albumet, Sandy. Denny la ut på ein månad lang turn i USA i april 1973 og stoppa i det kjende studioet til A&M Records for å spele inn fire songar.
Sandy Denny gifta seg med Trevor Lucas den 20. september 1973 på Fulham Registry Office, kort tid etter ho hadde sett i saman eit band som bestod av Pat Donaldson, Hughie Burns og Willie Murray for å turnere med albumet etter at det kom ut. Bandet heldt derimot berre fire konsertar sidan utgjevinga av albumet vart utsett frå hausten 1973 til juni 1974, då Denny igjen var attende i Fairport Convention.
Innhald
Alle spor skrivne av Sandy Denny, bortsett frå der andre er nemnde