Sandy er det andre soloalbumet til Sandy Denny og vert generelt rekna som hennar beste. Albumet kom ut i 1972 og innspelinga starta berre få veker etter turneen etter debutalbumet hennar, The North Star Grassman and the Ravens, var over tidleg i november 1971.
Den første songen som vart spelt inn for albumet var «The Quiet Joys of Brotherhood» med tekst av Richard Farina som Denny sette ein tradisjonell irsk melodi, «My Lagan Love», til. Vokalarrangementet hennar på denne songen var inspirert av Ensemble of the Bulgarian Republic. Demoninnspelingar heldt fram i det nybygde Manor Studio i Oxfordshire, det første studioet eigd av plateselskapet til Richard Branson, Virgin. Det var her Denny spelte inn albumet med The Bunch, ei samling av rock and roll-songar kalla Rock On. Samlinga var første gongTrevor Lucas arbeidde som produsent for Island Records og han tok òg denne rolla på Sandy. Lydteknikar på albumet var John Wood.[3] Manor-innspelingane enda med uferdige versjonar av «Sweet Rosemary», «The Lady», «The Music Weaver», «Listen Listen», «For Nobody to Hear» og «Bushes and Briars».[4] To songar vart òg starta men ikkje gjort ferdig, ein coverversjon av visesongaren Anne Briggs, «Go Your Own Way My Love» og Denny sin «After Halloween», som vart omarbeidd tre år seinare for Fairport Convention sitt Rising for the Moon.[5]
Alle songane på albumet vart gjort ferdige i Sound Techniques og Island studio mellom slutten av april og seint i mai, der strykearrangementa av Harry Robinson òg vart lagt til.[4]. I tillegg vart to songar av Denny spelte inn, «It Suits Me Well» og «It'll Take A Long Time», og ein coverversjon «Tomorrow Is a Long Time» av Bob Dylan. Allen Toussaint sitt blåsearrangement på «For Nobody To Hear» vart spelt inn i Deep South Studio i Baton Rouge i Louisiana.