Pat Donaldson er ein skotsk bassgitarist.
Donaldson spelte med Zoot Money's Big Roll Band på albumet It Should've Been Me (1965), og spelte med den seinare versjonen av Dantalian's Chariot.
I 1970 vart Donaldson medlem av det kortvarige bandet til Sandy Denny og mannen Trevor Lucas, Fotheringay.[1] I 1970-åra spelte han ofte med dei to andre medlemmane i bandet, trommeslagaren Gerry Conway og gitaristen Jerry Donahue. Av dei fem medlemmane ig ruppa var han den einaste som aldri var medlem av Fairport Convention.
Donaldson flytta til Canada i 1980-åra, der han spelte med Kate og Anna McGarrigle og det kanadiske bandet Mindstorm. Han kom attende til Europa kring 2000.
Diskografi
Filmmusikk (med Murray Head)
Kjelder
Bakgrunnsstoff