John Cale (fødd 9. mars1942) er ein walisisk musikar som saman med Lou Reed var ein av hovudpersonane i den stilskapande rockegruppaVelvet Underground. Cale, som har klassisk skolering, var kanskje ein av dei viktigaste bidragsytarane til Velvet Undergrounds tidlege eksperimentelle lydbilete. Cale slutta i bandet etter albumet White Light/White Heat, og har sidan gjeven ut ei rekkje soloalbum og samarbeidsprosjekt både innan rock og klassisk musikk.
I 2003 gav han ut sitt første soloalbum på 7 år, HoboSapiens, som hadde sterke innslag av moderne elektronisk musikk. To år seinare, i 2005 gav han ut oppfølgjaren blackAcetate som musikalsk sett heldt fram i noko av det same sporet som forgjengaren.